NRK Meny
Normal

– Har aldri opplevd liknande

Ein redningsbil frå Viking skulle ut for å berge ein bil i Vågsbygd i Kristiansand. I staden var det Viking-bilen som sjølv måtte bergast.

En redningsbil fra Viking skulle ut for å berge en bil i Vågsbygd i Kristiansand. I stedet var det Viking-bilen som selv måtte berges.

Sjå video: Tre bilar vart involvert i uhellet i Vågsbygd i Kristiansand.

Ulykke i Vågsbygd

Ein av bilane kolliderte i fronten på redningsbilen.

Foto: Silje Solbakken/NRK
Thoen Porng

Thoen Porng sin bil vart treft av ein bergingsbil som kom skliande ned ein bakke.

Foto: Silje Solbakken / NRK

Bergingsbilen var på veg opp ein bratt bakke då uhellet skjedde. Bilen mista grepet og byrja å skli ned bakken. På vegen ned trefte den bilen som allereie hadde sett seg fast.

Bilen vart dytta av bergingsbilen kring 50 meter før den stoppa. NRK sitt team køyrde i ein bil like bak og måtte i all hast rygge inn på ein sideveg for ikkje å bli treft.

Endå ein kollisjon

På toppen av det heile vart endå ein bil involvert i hendinga. Ein bil som kom ovanifrå mista grepet og kolliderte i fronten på bergingsbilen.

Heldigvis vart ingen personar skada.

Sjåføren på bergingsbilen vil ikkje stå fram med namn, men seier at han aldri har opplevd noko liknande.

– Eg veit rett og slett ikkje kva eg skal gjere, seier han.

Etterkvart ringde han politiet.

– Farleg

Det var Thoen Porng (30) sin bil som stod fast og som vart dytta nedover bakken av berginsbilen.

– Eg var inne for å fortelje at eg vart sein på jobb fordi bilen sat fast. Så høyrde eg eit smell. Eg gjekk ut og såg og der stod den. Heldigvis er det ein gammal bil, seier han.

– Kva tenker du om forholda her?

– Det er eigentleg litt farleg. Men vi kan ikkje halde oss heime heller. Vi må jo komme oss ut, seier han.

Glatt i Vågsbygd

Tre bilar var involvert i uhellet i Vågsbygd.

Foto: Silje Solbakken / NRK