Hopp til innhold

– Har aldri i mitt liv vore så glad

Charles Hovd Nilsen (94) klarer nesten ikkje å tru på at han får lov til å bu på sjukeheim saman med kona.

Charles Hovd Nilsen (94) klarer nesten ikkje å tru på at han får lov til å bu på sjukeheim saman med kona.

VIDEO: Charles Hovd Nilsen vart glad då han fekk vite at han får lov til å bu saman med kona si på sjukeheim.

– Eg drøymde om dette i natt. At eg skulle bli ein fri mann og treffe kona mi igjen, som eg har vore så glad i heilt sidan vi gifta oss. Då eg vakna tenkte eg at det var ein draum. Men det var verkeleg. Det er ikkje til å tru, seier han til NRK.

Bryllupsbilde Gunvor og Charles Hovd Nilsen

Charles og Gunvor har vore gift i 68 år. Her er bryllaupsbilete.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

94-åringen har vore gift med kona Gunvor (95) i 68 år. Arendal kommune meinte at han var for frisk og rask til å bu på sjukeheim.

Torsdag snudde kommunen, etter at saka kom opp i formannskapet. Samrøystes vart det vedteke at 94-åringen får lov til å bu saman med kona.

Innførte sambuargaranti

– Eg har aldri i mitt liv vore så glad, som då eg fekk greie på dette. Eg skal få bu med hustrua mi igjen, og sleppe å gå ifrå ho kvar kveld klokka sju og reise heim til mitt eige hus for å sove. No slepp eg det. Det var skjønt, seier han.

Formannskapet bestemte også at Arendal kommune skal ha sambuargaranti. Forslaget kom frå Høgres Maiken Messel.

– I Oslo har dei ein slik garanti, at dersom ein får sjukeheimsplass, og den andre også har eit omfattande hjelpebehov, som i dette tilfellet, så vil kommunen garantere at dei får bu saman, seier Messel.

– Eg er veldig glad for at dette fekk betydning for andre, seier Nilsen.

Charles og Gunvor Hovd Nilsen

Charles Hovd Nilsen saman med kona Gunvor på sjukeheimen. Nå får også han bu her.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Helseministeren: – Inspirasjon for andre kommunar

I eit intervju med NRK onsdag, sa helseminister Bent Høie (H) at det er opp til kvar enkelt kommune å avgjere om paret skulle få bu saman.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie er glad for at Charles Hovd Nilsen får bu saman med kona si.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Samstundes påpeika han at det ikkje er noko som hindra kommunen i å bruke sunn fornuft.

Høie er glad for at ekteparet no får bu saman, og håpar andre kommunar gjer som Arendal.

– Eg tykkjer at kommunar bør sikre at eldre som har eit sterkt behov og ynskje om bu saman, får moglegheit til det slik som i Arendal, seier Høie.

– Er så takknemleg

Charles Hovd Nilsen reknar med å flytte inn på sjukeheimen saman med kona i løpet av få dagar.

– Eg er så glad at eg nesten ikkje kan få sagt det. At vi skal få vere i lag igjen, vi som har vore så glade i kvarandre kvar dag i alle desse åra. Det har aldri vore nokon andre enn oss to heile tida, seier han.

Samstundes er han oppteken av å takke familie og vener som har hjelpt han og kona.

– Det er veldig mange som har hjelpt oss å køyre saka. Vi vil takke alle seier 94-åringen.

Nærbilder av rullator hjul - nærbilder av Charles som går bak en rullator. 
Charles bøyer seg over kona og fortelle henne nyheten -

Charles Hovd Nilsen får bo sammen med kona Gunvor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %