NRK Meny
Normal

– Han vil bli skremmande god

Eirik Køpp (17) vert rekna for å vere eit av Norges største handballtalent. ØIF Arendal-spelaren drøymer om proffspel i Tyskland.

Eirik Køpp (17) drømmer om å bli håndballproff i Tyskland.

VIDEO: Eirik Køpp er fullstendig klar over at det krevst mykje for å nå draumen om å bli handballproff.

– Eg ynskjer å spele i Tyskland ein gang i framtida og på A-landslaget. Eg må berre trene og stå på, så får eg sjå om det held, seier Køpp til NRK.

Han er på treningssenteret og løftar vekter. Alt ligg til rette for at 17-åringen kan få draumen oppfylt. Han er to meter og fire centimeter høg og har 49 i skostorleik.

Trenaren imponert

– Eg tykkjer først og fremst at han har eit fantastisk skot. Den krafta i skotet er det ikkje mange som har, seier ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad.

– Så har han ein bra størrelse som ein internasjonalt ser på som ein klar fordel. Så må det vere kontinuitet i treninga over tid. Då vil han bli skremmande god, seier Gautestad.

I fjor fekk han speletid i fleire eliteseriekampar for ØIF Arendal. I år har det gått litt tråare, mellom anna på grunn av skader.

– Må bevise

– Skal eg bli ein betre handballspelar må eg bli sterkare, seier han.

Stadig får han høyre om talentet sitt – både i riksmedia og i lokalmedia.

– Det er jo ein ting å høyre om det. Det er ein anna ting å bevise det. No må eg bevise det, seier han.