Hopp til innhold

– Han er eit fysisk råskinn

Det er truleg få fotballspelarar i Norge som er så gjennomtrent som Start sin reservekeeper Benjamin Boujar. – Eit fysisk råskinn, seier tidlegare trenar.

Benjamin Boujar

Sjå kor høgt Benjamin Boujar hoppar.

– Herregud så lett, seier Start-keeper Benjamin Boujar etter å ha hoppa 1,68 rett opp på vekter som er stabla oppå kvarandre.

Benjamin Boujar

Benjamin Boujar brukar mykje tid på treningssenteret.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Til samanlikning er norgesrekorden i stille høgde 1,82.

Det er viktig å presisere at det ikkje er lov til å ta fart i stille høgde, slik Boujar gjorde i hoppet sitt.

Vart kalla «maskina»

Keepertalentet var ein ettertrakta mann i haust, men 22-åringen valde til slutt 1. divisjonsklubben Start.

Han kom ifrå 2. divisjonsklubben Vindbjart der lagkameratane omtala han som «maskina».

– Han er eit fysisk råskinn. Det er heilt sjukt, seier Vindbjart-trenar Steinar Skeie.

Det er ikkje utan grunn at lagkameratane kalla han «maskina». At keeperen har lagt ned mange timar i styrkerommet er ikkje vanskeleg å sjå.

– Du må ha litt trykk veit du. Då er det berre å «gønne» på. Du blir ikkje sterkare om du ikkje pushar grensene dine. Det er berre å knekke til, seier keepertalentet.

– Ein kulturbyggar

Keepertrenaren i Start, Erik Ruthford Pedersen, har eit langt liv i fotballen.

Trenaren veit kva han snakkar om når han allereie som ein kulturbyggar når det gjeld trening.

– Han er 22 år og ein kulturbyggar i forhold til tøff styrketrening, seier han.

– Han har trent grundig og med mykje kvalitet. Han er sterk som ein bjørn, for å vere heilt ærleg, seier Ruthford Pedersen.

Hans tidlegare trenar Steinar Skeie trur at Boujar kan utfordre førstekeeper Håkon Opdal allereie i debutsesongen i 1. divisjon.

– Opdal er ein god keeper, så han må gjere det bra, men eg trur han kan bli førstekeeper i år. Han er så dedikert så det held. Han har alle føresetnader for å komme så langt han berre vil, seier Skeie.

Benjamin Boujar, IK Start

Benjamin Boujar på treningsfeltet med Start.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

Ser opp til Ronaldo

Cristiano Ronaldo

Cristiano Ronaldo i kjent stil etter scoring.

Foto: GERARD JULIEN / Afp

– Eg syns det er gøy at gutane blir motivert, dersom dei blir det, av å sjå korleis eg trenar. Eg føler at fysikken ein kan få med mykje trening, kan bidra til betre resultat og fleire poeng, seier han.

Real Madrid-stjerna Cristiano Ronaldo er sjølve symbolet på fotballspelarar med god fysikk.

Trass i at dei spelar i to vidt forskjellige posisjonar på bana, er den portugisiske fotballstjerna eit stort førebilete for Start-keeperen.

– Eg likar Ronaldo eg. Eg har alltid syns at han er ei maskin og har lyst til å bli som han. Eg tykkjer det er gøy å trene og ha førebilete å sjå fram til, seier Boujar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %