Hopp til innhold

– Gutar debuterer seksuelt med å begå grove overgrep

Overgrepsmottaket ved sjukehuset i Kristiansand er sjokkerte over unge jenter som kjem inn med store skader etter overgrep. Mange har avtalt møter på sosiale medium.

Reidun Strømme, overlege overgrepsmottaket i Kristiansand

Mange mindreårige jenter har blitt undersøkt og fått behandling på overgrepsmottaket i Kristiansand, etter å ha blitt utsett for overgrep. Reidun Strømme er overlege på overgrepsmottaket.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Som regel avtaler dei å møtest før det utviklar seg til noko jentene ikkje hadde rekna med. Grovheten i dette sjokkerer mest, seier overlege Reidun Strømme ved overgrepsmottaket på sjukehuset i Kristiansand.

I helga vart det kjent at barn heilt ned i 13 års alderen kjøper og sel seksuelle tenester via sosiale medium som Snapchat.

Det blir blant anna selt bilete, og seksuelle tenester vert bytt mot varer og pengar.

– Me veit det er store mørketal. Vi er uroa for kva som skjer på sosiale medium, seier Strømme.

Overgrepsmottaket i Kristiansand

Det er på dette rommet folk som er utsett for overgrep blir undersøkt.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Finn alvorlege skader

Mange unge jenter kjem til sjukehuset med store skader etter overgrep.

– Det kjem inn jenter til oss med alvorlege reaksjonar og me finn alvorlege skader, seier Strømme.

Tysdag fortalde NRK at fleire unge vaksne no er sikta for overgrep. Men også gutar under 18 år er sikta.

Politiet seier dei etterforskar «eit titals saker». Fleire overgrep har skjedd på offentlege toalett i Kristiansand.

– I år har me sett ei veldig auke i unge jenter som kjem inn. Den største gruppa har vore 15 år hittil i år. Det er ei stor endring frå tidlegare. Det har vore sjokkerande for oss, seier Strømme.

– Me har sett gutar som debuterer seksuelt med å begå grove overgrep, seier overlegen.

Meiner porno har mykje av skulda

Tobias Engen Lund og lege Simon Ertzeid driv podkasten Alfakrøll som handlar om gutar si seksuelle helse.

Ertzeid meiner porno har mykje av skulda for overgrepstreden ein no ser blant unge.

– Det er veldig store selskap som eig alle pornonettstadene i verda. For å tene mest mogleg produserer dei filmar med unge jenter som blir slått, kvelt og gjerne får orgasme ut av det.

Han seier at kjøp og sal av sex ikkje er det same som før, og meiner digital seksualitet, prostitusjon og pornografi er overlappande kategoriar.

Ertzeid viser blant anna til eit sosialt medium der du kan legge ut og selje nakenbilete av deg sjølv.

– Talet på brukarar har auka frå 7,5 millionar til 85 millionar i første lockdown i mars 2020, så det er veldig tilgjengeleg, seier han.

For at gutar skal lære å bli meir hensynsfulle i senga meiner Engen Lund at det trengst ei samtykkelov. I Noreg er sex utan samtykke ikkje definert som valdtekt med mindre det er vald involvert.

– I tillegg handlar det om respekt og forståing. Har ein lyst til å bli slått og kvelt under sex er det heilt ok, men då skal ein vere einige om det, altså eit samtykke, seier han.

Sjokkert statsråd

Onsdag var barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad på sjukehuset i Kristiansand der han møtte tilsette i overgrepsmottaket.

Ropstad vart orientert om kva dei som jobbar på overgrepsmottaket ser når unge jenter kjem inn. Han vart sjokkert over kor unge overgriparar og offer er, og den grove karakteren på sakene.

– Det er veldig urovekkande. Utviklinga har skjedd veldig raskt. Difor har det vore veldig nyttig å få meir informasjon om det, og kva vi kan gjere for å stoppe det, seier Ropstad.

Statsråden vil også innføre samtykkelov og pornofilter som førebyggande tiltak. Han meiner ei samtykkelov vil fungere som eit viktig signal og at det då vil vere lettare å få dømd fleire gjerningspersonar som i dag slepp fri.

– Det viktigaste er å førebyggje og unngå at det skjer. At barn ned i 8–9 års alderen deler nakenvideoar på TikTok skal ikkje skje, seier Ropstad.

Kjell Ingolf Ropstad

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad er sjokkert over kva barn blir utsett for. No vil han løfte saka politisk.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Håpar vi har vekt folk

Politimeister i Agder, Kjerstin Askholt, deltok også på møtet. Ho seier desse sakene blir høgt prioritert i politiet.

– No håpar eg me får ein politisk debatt på lik linje som responsen me har fått frå folk. At foreldre og samfunn får moglegheit til å reagere når nokon no har gått ut og vore konkrete på kva dette dreiar seg om, seier politimeisteren.

På overgrepsmottaket er det ope heile døgnet, året rundt. No håpar dei merksemda kan gjere det lettare å fortelje om ein har blitt utsett for noko.

– Ein må ikkje ha bestemt seg for å melde saka til politiet når ein kjem. Ein vert vareteke medisinsk og me gjer medisinske undersøkingar med tanke på sjukdom og skader. Vi varetek den akutte psykiske reaksjonen og vurderer vidare oppfølging, seier Strømme.

Kjerstin Askholt
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %