Hopp til innhold

– Grimstad veltar ny storkommune

Grimstad velta ein mogleg storkommune i Østre Agder då dei sa nei til å slå seg saman med andre kommunar. Det meiner Risør-ordførar Per Kristian Lunden.

Per Kristian Lunden

Per Kristian Lunden er ordførar i Risør.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dette er truleg den endelege spikeren i kista for storkommunen i Østre Agder, seier Lunden.

Måndag vedtok kommunestyret i Grimstad at dei ikkje vil slå seg saman med nabokommunane. Dei meiner at dei framleis vil klare seg godt aleine med sine 22 000 innbyggjarar.

– Grimstad har hatt ein jamn vekst sidan 70-talet og vi ligg gunstig til på Sørlandet, sa gruppeleiar i Arbeiderpartiet i Grimstad, Per Svenningsen til NRK måndag.

Det har vore føreslått ei samanslåing av dei åtte kommunane aust i Agder. Det inneber ei samanslåing av Grimstad, Arendal, Froland, Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Vegårshei og Åmli.

– Den potensielle styrken nokon etterlyste i ein storkommune mellom Kristiansand og Grenland er no borte. Styrken ville avhenge av at Arendal og Grimstad fann saman og trekte fram det beste hos kvarandre, seier han.

Risør-ordføraren utelukkar likevel ikkje at kommunen kan komme til å slå seg saman med nokre av naboane.

– Eg er framleis litt optimistisk på vegne av austregionen Risør, Tvedestrand, Gjerstad og Vegårshei, men vi i Risør kan også klare oss greit aleine, seier Lunden.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %