Hopp til innhold

– Godt tegn for Moland og French

Dersom Tjostolv Moland og Joshua French vert flytta frå fengselet i Kisangani til hovudstaden Kinshasa er det eit steg mot utlevering til Noreg, meiner predikant og Kongo-kjennar Rune Edvardsen.

Moland og French i rettssalen i Kisangani, Kongo.

- POSITIVT: Predikant Rune Edvardsen trur ei overflytting til hovudstaden er eit steg nærare utlevering til Noreg fro Tjostolv Moland og Joshua French. (Arkivfoto)

Foto: STRINGER / Afp

– Det er eit teikn på at det er bevegelse og at ting skjer, seier Edvardsen.

– Er det eit signal på at utlevering til Noreg er på veg?

– Det vil eg tru, seier han.

Vil ikkje spå

Han vil ikkje seie når han trur at dei to nordmennene igjen kan setje beina sine på norsk jord.

– Det torer eg ikkje å spå. Det har vore mange forhåpningar rundt denne prosessen. Når det først byrjar å rulle trur eg det kan gå ganske fort, seier Edvardsen.

Moland og French har site fengsla i Kisangani i eitt og eit halv år. No er norsk UD i Kongo for å prøve å få dei to til hovudstaden.

Edvardsen har sjølv vore i fengselet og fortel om tøffe forhold, blant anna bråk og slåsting. I tillegg har fengselet i periodar vore utan straum og det har vore veldig varmt. Edvardsen fortel også at dei to har vorte truga.

Tøft for Moland og French

– Det har vore nokre tilfelle. I tillegg har nokre av vaktene vore litt røffe med dei. Men stort sett har dei eit godt ord på seg i fengselet, seier han.

Edvardsen seier at dei to siste månadene kanskje har vore dei tøffaste under opphaldet i fengselet så langt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %