Hopp til innhold

– Går det gale blir det dyrt

Fleire lokale førarar er klar for årets utgåve av Rally Sørland. Hans Kaddan Sørensen meiner løypa er av dei mest krevjande i landet.

Rally Sørlandet

Hans Kaddan Sørensen fryktar det blir dyrt om han køyrer utfor vegen under Rally Sørland.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

– Det er ekstreme forhold. Det er svingete, du har fjell som stikk ut, lause kantar og raske parti, seier Sørensen til NRK.

– Farten varierer frå 200 til ned i 50 kilometer i timen. Går det gale blir det dyrt, ler han.

Minimale skader

Men han påpeikar at sikkerheita er godt ivareteken. Difor er han ikkje redd for å pådra seg skader når han sit bak rattet i helga.

– Vi sit veldig sikkert så skadane er minimale ved ein kraftig krasj, men det blir som sagt dyrt, seier han.

– Kva mål har du i år?

– Målet er å komme i mål. Men vi prøver å hevde oss blant dei ti beste i klassen, men det er ein tøff klasse, seier Sørensen som har vore med i løpet sidan 2005.

Lovar fartsshow

Ein av personane bak Rally Sørland jobbar intenst for å få alt klart til både førarar, kartlesarar og publikum. Han lovar eit forrykande show.

Kring 100 rallyførarar stiller til start i Mandal.

– Det blir fartsshow gjennom heile helga. Eg trur det vert ei stor oppleving, seier Sveinung Valand.

Det blir fartsfest i Mandal i helgen når over 100 rallykjørere skal delta i Rally Sørland. Mange deltakere er fra Sørlandet og noen er spesielt spente for å kjøre med hjemmepublikum langs løypa.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %