Hopp til innhold

– Fylkesmannen har vist at han har for stor makt

KrF-leiar Knut Arild Hareide er sterkt kritisk til at Fylkesmannen i Agder nektar Justøyfamiliens Bibelcamping å bruke høgtalaranlegg på dei fleste av sine arrangement i sommar.

Knut Arild Hareide, Hanne Risvold og Arne Thomassen

KrF-leiar Knut Arild Hareide, leiar i programkomitéen på Justøyfamiliens Bibelcamping Hanne Risvold og lillesandordførar Arne Thomassen.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Det undergrev tilliten vi har til systemet vi skal ha i Norge. Det er ein grunn til at regjeringa har sagt at Fylkesmannen si makt ikkje bør vere for stor i alle saker, seier Hareide til NRK.

– Her har Fylkesmannen vist at han har for stor makt og har gjort ei svært dårleg skjønnsvurdering utan å ha faktagrunnlag på bordet, seier Hareide til NRK.

To naboar klaga

Bibelcampingen i Lillesand har kring 30 000 gjestedøgn og fleire titals arrangement i løpet av sommaren.

Etter at to naboar klaga på støynivået frå opptil 80 arrangement sette Fylkesmannen i Agder ned foten, skriv Fædrelandsvennen.

Campinga får berre nytte lydanlegget seks kveldar i løpet av heile sommaren. Fylkesmannen grunnar vedtaket med lengda på arrangementet. Bibelcampingen skal halde på i fem veker.

– Fylkesmannen viser gjennom dette vedtaket at han ikkje forstår kva ein bibelcamp er. Han har ikkje vore her og gjort lydtestar. Det er eit program som varer frå halv elleve til tolv på føremiddagen, og halv åtte til klokka ni om kvelden. Det er ikkje slik at det går utover nattesøvnen til folk, meiner Hareide.

– Dei ligg langt under nivået som regelverket seier. Det er ikkje store konsertar. Dette er vanlege møter. Dette burde Fylkesmannen ha sett seg god til å ha gjere, seier Hareide.

Knut Arild Hareide retter sterk kritikk mot fylkesmannen i Agder og sier at fylkesmannens kontor ikke har riktig faktagrunnlag i forhold til retningslinjene som er lagt for Bibelcampen på Justøya.

Sjå intervju med KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Ville ikkje høyre på kritikken

KrF-leiaren fryktar at Fylkesmannen si inngriping kan få konsekvensar for liknande arrangement andre stader i landet.

– Det er mi frykt. Difor meiner eg vi bør ta opp dette politisk. Lillesand kommune ha gjort kloke vedtak. Både kommunelegen og fagfolk har sagt at dei aksepterer programma. Så går Fylkesmannen inn utan å ha faktagrunnlag på bordet og gjer heilt andre vedtak, seier han.

Lasse Svenstrup Andersen

Seniorrådgjevar i helse- og omsorg hos fylkesmannen i Agder, Lasse S. Andersen.

Foto: Line Oftedal Pedersen / NRK

NRK har snakka med Lasse S. Andersen som er seniorrådgjevar i helse- og omsorg hos Fylkesmannen i Agder.

– Vi vil ikkje komme med ytterlegare kommentarar i denne saka, seier han.

Andersen ville heller ikkje vite kva kritikken frå Hareide går ut på.

– Du må respektere at vi ikkje vil kommentere saka ytterlegare, seier han.

– Du vil ikkje vite kva Hareide seier?

– Det får eg nok tids nok vite, seier Andersen.

Seinare har NRK sendt SMS til både Andersen og assisterande fylkesmann Tom Egerhei, der vi ber om ein kommentar på uttalelsane til Hareide.

Egerhei svarar følgjande:

– Eg finn ikkje grunn til å kommentere dette nærare, men viser til vårt vedtak, skriv han.

– Har ikkje gjort jobben sin

Trass i sterke reaksjonar må bibelcampingen uansett rekne med å halde seg innanfor reglane Fylkesmannen har sett i år.

– Vi må akseptere lovlege vedtak som er gjort, seier Hareide.

Ordførar i Lillesand, Arne Thomassen, er klinkande klar på at han meiner at kommunen sjølv burde avgjere ei slik sak. Han understrekar at arrangementet trekk fleire tusen besøkande kvar sommar.

Arne Thomassen retter kritikk mot fylkesmannen i Agder angående lydstriden rundt bibelcampen på justøya.

Sjå intervju med Lillesand-ordførar Arne Thomassen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %