Hopp til innhold

– Fotballdommar slått ned etter kamp

Ein fotballdommar vart slått ned av ein spelar under ei bedriftsturnering i Sørlandshallen i Kristiansand laurdag. Ein mann (20) er pågripen av politiet.

Det var dommaren sjølv som tok kontakt med politiet etter finalen i bedriftsturneringa.

– Han var ganske oppskaka då han ringde. Han forklarte at ein av spelarane hadde teke kvelartak på han. I tillegg skal han ha blitt slått ned, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Magne Storaker til NRK.

Ei politipatrulje vart send til Sørlandshallen då dommaren ringde. Då politiet kom til staden hadde spelaren, som er i 20-åra, reist frå hallen saman med resten av laget.

Veit kven som slo

Ifølgje politiet kjem mannen og laget han ifrå Oslo.

– Saka er meld og jurist vurderer no kva som skal skje vidare. Vi kjenner identiteten til spelaren, seier Storaker.

Få timar seinare vart mannen pågripen av politiet.

Den 20 år gamle dommaren er ikkje alvorleg skada etter hendinga.

– Slaget har medført hevelse i ansiktet, seier operasjonsleiaren.

Fredrik Fredriksen hos arrangøren fekk ikkje med seg hendinga sjølv, men har snakka med fleire som såg det som skjedde.

Vert utestengd

– Det skjedde etter kampen. Ein spelar gjekk fysisk til angrep på dommaren. Det var ein spelar på laget som tapte finalen som gjekk til angrep. Vi prøvde å stoppe han og fekk etterkvart roa situasjonen, seier han til NRK.

Ifølgje Fredriksen vert spelaren utstengd frå framtidige turneringar.

– Laget hans har lagt seg heilt flate og beklagar det som skjedde. Dei forstår sjølvsagt at det er fullstendig uakseptabelt. Så får vi sjå om det blir aktuelt med noko reaksjon utover at han vert utestengd, seier Fredriksen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %