NRK Meny
Normal

– Forsvarsspelet er heilt katastrofe

Midtstoppar Tapio Heikkelä meiner forsvarsspelet mot Sarpsborg høyrer heime i 4. divisjon. Han meiner Start kan ha hatt for mykje fokus på angrepsspelet på trening.

Start - Sarpsborg

Start tapte 1-4 mot Sarpsborg torsdag kveld. Her set Kristoffer Tokstad inn sitt tredje mål på Sør Arena. Tapio Heikkelä til venstre på etterskot.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Det er heilt katastrofe akkurat no. Vi kan ikkje spele slik i eliteserien. Kanskje vi har for mykje fokus på det offensive og gløymer å gjere ein defensiv jobb, seier Heikkelä til NRK.

Finnen utgjorde stopparduoen saman med Rolf Daniel Vikstøl i stortapet mot Sarpsborg 08 torsdag kveld.

Vikstøl vart bytt ut ved pause etter ein særs svak omgang.

Start - Sarpsborg

Her set Kristoffer Tokstad inn 2-1 for Sarpsborg mot Start.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Ligg sist på tabellen

1-4 tapet mot Sarpsborg sende Start heilt til botnen på eliteserietabellen. Start er det einaste laget som ikkje har vunne nokon av dei seks første seriekampane.

Søndag møter dei eit Vålerenga-lag i krise. Oslo-klubben ligg plassen over på tabellen.

– I dei fire første kampane låg vi veldig tight og kompakt. Det var veldig vanskeleg å score på oss. Vi må levere veldig bra forsvarsspel for å få med oss noko derifrå, seier han.

Tapio Heikkilä

Start-stoppar Tapio Heikkilä deppar etter klubbens tredje tap denne sesongen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Spør du meg bør vi berre trene på det defensive dei to neste vekene, som vi gjorde i starten av sesongen, seier han.

Sju baklengs på to kampar

Start har sleppt inn sju mål på dei to siste kampane mot Odd og Sarpsborg 08.

Samstundes har dei berre scora tre mål på dei seks første kampane.

Det er faktisk midtstoppar Heikkelä som er lagets toppscorar med to mål.

– Difor forstår eg at vi må ha fokus på det offensive spelet, men samstundes har vi gløymt at styrken i dei første kampane var forsvaret, seier midtstopparen.

Pedersen: – Fotball er eit tovegsspel

Trenar Steinar Pedersen er ikkje einig i at offensivt fokus har gått på bekostning av forsvarsspelet.

– Fotball er eit tovegsspel. Vi trenar begge vegar heile tida. No er vi ikkje i nærleiken av det nivået vi ynskjer å vere på. Det er litt skuffande at vi i ein så viktig kamp kjem ut, og så er det på duellspel og elementære ting vi blir for små, seier Pedersen.

Pedersen vil bruke dei to neste dagane godt for å førebu seg til Vålerenga-kampen på Ullevaal.

– Det er ein tøff bortekamp som vi skal angripe på ein fornuftig måte. Vi skal førebu oss og sørge for at kroppen kjem i vater igjen, og at hovudet er på rett plass, slik at vi framstår annleis enn vi har gjort dei siste to kampane, seier Start-trenaren.

Steinar Pedersen etter 1-4 tap for Sarpsborg 08

Sjå intervju med Steinar Pedersen etter tapet for Sarpsborg 08.