Hopp til innhold

– Forholdet mellom kyrkja og bedehuset har blitt betent

Biskop Stein Reinertsen er glad Grindheim Normisjon ikkje blir ein eigen kyrkjelyd etter at misjonsforeininga har avgjort at kyrkjelege ritual skal gå føre seg på Byremo bedehus.

Splittelsen i bygda Byremo handler om vigsel av likekjønnede. Bedehuset mener kirka er blitt for liberal, og vil nå selv tilby kirkelige ritualer for de som ikke lenger vil være en del av kirka.

Grindheim Normisjon har avgjort at ein no kan ha kyrkjelege handlingar på Byremo bedehus i Audnedal.

– Vi må alltid ha respekt for menneske sine tankar og meiningar, men eg trur at både kyrkja og bedehusa treng kvarandre.

Det seier Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, etter at det torsdag blei klart at Grindheim Normisjon i Audnedal vil ha dåp, konfirmasjonar og begravelsar på Byremo bedehus og ikkje i kyrkja.

Det blei avgjort på årsmøtet til Grindheim Normisjon torsdag kveld, med 40 mot 12 stemmer.

Det skal vere liberaliseringa av kyrkja som skapar usemje i misjonsforeininga.

– Familiar kan bli splitta

Geir Ola Tveit

Sokneprest Geir Ola Tveit er redd for at den nye ordninga til misjonsforeininga kan skape splitting.

Foto: Marianne Jakobsen / NRK

Mange har utpeika sokneprest Geir Olav Tveit som noko av årsaka til liberaliseringa.

No fryktar soknepresten splitting i bygda.

– På lokalt plan blir det slik at folk som er godt kjent går kvar sin veg, og familiar kan bli splitta og går til kvar sine gudshus.

Misjonsforeininga meiner at kyrkja har blitt for liberal, blant anna når det kjem til spørsmålet om likekjønna ekteskap.

Tveit har forståing for at det er ulike syn i saka, men hadde håpt at ein kunne stå saman likevel.

– Kyrkja har to syn på denne saka, eg står for det eine og det er legitimt i den norske kyrkje. Eg veit at det er mange i bygda som deler mitt syn.

Ikkje eit eige kyrkjesamfunn

Kjell Terje Flottorp

Leiar for Grindheim Normisjon, Kjell Terje Flottorp, meiner at folk på Byremo no har ei større valmoglegheit.

Foto: Marianne Jakobsen / NRK

Leiar for Grindheim Normisjon, Kjell Terje Flottorp, seier til NRK at dei skal tilby alt som ei kyrkjelyd tilbyr, men ikkje vere eit eige kyrkjesamfunn.

– Det betyr at folk her på Byremo har ei valmoglegheit. Har dei ikkje eit forhold til den norske kyrkje så kan dei kome hit å døype borna, og borna kan få ei trusopplæring på bedehuset.

Flottorp trur ikkje det blir store konsekvensar for bygdesamfunnet.

– Eg ser ikkje føre meg at det skal bety så mykje for bygda, då dette blir eit tilbod for dei som høyrer heime på bedehuset og ikkje har noko forhold til den norske kyrkje.

Betent forhold

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, seier han har opplevd at forholdet mellom kyrkja og bedehuset den siste tida har blitt meir betent.

Han er glad for at bedehuset ikkje formelt blir ei eiga kyrkjelyd.

– Det hadde blitt mykje meir komplisert om det hadde blitt eit eige kyrkjesamfunn, då hadde dei på ein måte gått ut av kyrkja vår.

Reinertsen meiner det ikkje er rett av folk som markerer avstand frå kyrkja å peike ut soknepresten som syndebukk.

– Det har lenge vore krefter som har ønskja å lage ei meir tydeleg forsamling, og nokre vil også lage eit eige kyrkjesamfunn, seier han.

Biskop Stein Reinertsen

Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen, er glad for at bedehuset ikkje formelt har blitt ei eiga kyrkjelyd.

Foto: Elise Rønnevig Andersen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %