Hopp til innhold

– For godt til å vere sant

Idrettsutøvarar frå Sørlandet er begeistra for kjempeanlegget som kan kome til Kristiansand. Men dei er usikre på kor realistisk det er.

Andreas Vangstad

Syklist Andreas Vangstad frå Kristiansand seier at eit idrettsanlegg av slikt omfang er ei stor moglegheit for Sørlandet.

Foto: TROLLVEGG ARKITEKTSTUDIO AS

Viss planane blir realisert kan det kome eit idrettsanlegg som er unikt i verdssamanheng til Kristiansand.

Det enorme anlegget skal huse blant anna 2,4 kilometer med skiløyper fordelt på tre etasjar, velodrom, skiskyting med laser og BMX-bane. Det heile skal få ein prislapp på 250 millionar kroner.

Blir samanlikna med store sykkelnasjonar

Syklist Andreas Vangstad frå Kristiansand meiner det nye anlegget som potensielt kan glede mang ein idrettsentusiast på Sørlandet er sensasjonelt nytt.

– Det verkar nesten litt for godt til å vere sant. Men viss dette kjem på banen så er det ei kjempestor moglegheit. Vi har ikkje noko tilsvarande i Noreg, så dette ville bety utruleg mykje for både toppidrettsutøvarar og for allmenn bruk, både på Sørlandet og nasjonalt.

Andreas Vangstad

Syklist Andreas Vangstad frå Kristiansand synest det nye idrettsanlegget nesten høyrest for godt ut til å vere sant.

Foto: Cornelius Poppe / NTB Scanpix

Vangstad meiner dette kan ha mykje å seie for talentutvikling, og viser til at mange av idrettsutøvarane frå dei store sykkelnasjonane har bakgrunn frå banesykling.

– Det betyr enormt. Som regel må langrennsutøvarane som er på Sørlandet flytte eller reise langt berre for å få ei helg på ski. Det å kunne satse og busetje seg på Sørlandet vil for både langrennsutøvarar og syklistar vere ein stor fordel.

Til allmenn bruk

Det er Trollvegg Arkitektstudio som står bak planane om anlegget. Det kan i prinsippet plasserast kvar som helst i verda, men arkitektane vil ha det i Kristiansand. Allereie no er dei i forhandlingar om ei tomt nær kommunegrensa til Lillesand.

19. november skal prosjektet presenterast for Kristiansand Næringsforening. Prosjektet som har fått namnet O2-Drome skal vere til allmenn bruk, om det vert realisert.

– Positivt for rekruttering

Tidlegare skiskyttar frå Birkenes, Gunn Margit Andreassen, tykkjer det er særs positivt at anlegget potensielt kan vere ope for alle.

– Det vil ha veldig mykje å seie for rekruttering. At det skal vere ope og ikkje berre retta mot toppidretten gjer at det blir noko som veldig mange vil ha nytte og glede av. Så det ville blitt utruleg gøy viss dette blei lagt til Sørlandet.

Ho likar tanken på at idretten ikkje nødvendigvis treng å vere vær-avhengig.

– Hallen gir unike moglegheiter. Det at ein faktisk kan arrangere større arrangement inne gjer at ein ikkje er så avhengig av værutsikter, og ein kan få snø året rundt. Det blir spanande å sjå når det kjem til kostnadane og kva som faktisk vil vere realistisk å få til.

Gunn Margit Andreassen

Tidlegare skiskyttar Gunn Margit Andreassen meiner det nye anlegget gir unike moglegheiter på alle måtar.

Foto: Heiko Junge / Scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %