– For ei forferdeleg stygg drakt

Start-spelar Christer Kleiven har tidlegare blitt linka til Ole Gunnar Solskjær og Molde. Midtbanespelaren seier no at han aldri kunne tenke seg å spele for moldensarane.

Julekalender Start

- STYGG: Christer Kleiven fekk ei Molde-drakt i julegåve i Start sin julekalender på nett.

Foto: Skjermdump: www.ikstart.no

– For ei forferdeleg stygg drakt, sa han då han fekk ei Molde-drakt i julegåve frå Fredrik Strømstad i Start sin julekalendar på ikstart.no.

– Kunne aldri gått med denne

– Heilt forferdeleg. Eg kunne aldri ha tenkt meg å gå med ei slik ei, seier han i videosnutten på nettsida til klubben.

Fleire medier har tidlegare spekulert i Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær si ynskjeliste. Christer Kleiven var eitt av namna som dukka opp. Han vedgår at det var smigrande å bli knytt til den tidlegare Manchester United-spissen.

– Det var stort at Solskjær nemnde namnet mitt, absolutt, seier han.

Vil ikkje bu i Molde

Men midtbanespelaren slår fast at han ikkje reiser til Molde - uansett.

– Absolutt ikkje. Eg kunne ikkje tenkje meg å bu der oppe i det heile, seier Kleiven.

– Men denne julegåva skal du ha. Den er signert av Solskjær, som om ikkje anna er det ei fin gåve, seier «programleiar» i julekalendaren til Start, Fredrik Strømstad.

– Ja, eg kan jo selje den. Det er sikkert nokon som har lyst på den, seier Kleiven.