Hopp til innhold

– Folket har ikkje tillit til politikarane

Songdalen kommune hadde den lågaste valdeltakinga i Vest-Agder. Ei lokal undersøking viser at manglande tillit til politikarane gjorde at mange droppa å stemme.

Folkemøte i Songdalen

Ordførarkandidatane i Songdalen samla under ein NRK-send debatt før valet i haust.

Foto: Marianne Rimstad / NRK

Undersøkinga er framleis ikkje avslutta, men førebels er det manglande tillit til politikarane som «lyser raudt».

– Det må bli opp til politikarane å gjere noko med dette. Vi vil gje resultatet til ordføraren så får han ta det vidare om han finn grunn til det, seier Kari Anne Candasamy i Songdalen kommune til NRK.

Berre halvparten møtte opp

Berre 56 prosent av innbyggjarane brukte stemmeretten ved valet i haust. Det gjorde altså at kommunen sette i gang si eiga undersøking for å finne ut kvifor folk ikkje møtte opp.

Johnny Greibesland

Johnny Greibesland (Sp) er ordførar i Songdalen.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Vi likar jo ikkje å vere dårlegast i klassen. Det var synd at så få møtte opp, seier ho.

I undersøkinga som er publisert på nettsida til kommunen kan innbyggjarane krysse av på tre ulike grunnar til at dei ikkje møtte opp:

  • Ingen saker som engasjerte
  • Ingen tillit til politikarane
  • Spelar inga rolle kven som styrer uansett
  • Mi stemme tel ikkje likevel
  • Usikker på korleis ein går fram for å stemme
  • Vanskeleg å bestemme seg for kva parti ein skal stemme på
  • Lang avstand til vallokalet
  • Anna

Til no er det altså ingen tillit til politikarane som peikar seg ut. Det forstår ordføraren i kommunen lite av.

– Dette forstår eg ikkje

– Dette overraskar meg. I vinter fekk Songdalen ein europeisk tillitspris for godt styre og stell. Innbyggjarane var nøgde med korleis vi styrer kommunen, seier ordførar Johnny Greibesland (Sp).

– Kva har skjedd her?

– Det er vanskeleg å seie. Men vi har hatt nokre vanskelege saker i valkampen der vi kanskje ikkje har vore tydelege nok. Det gjeld kommunereforma og ny trasé for E39. Der kunne vi kanskje ha vore tydelegare, seier han.

Kommunen ber no folk om å gå inn på nettsida til kommunen for å svare på undersøkinga.

– Dersom manglande tillit til politikarane er det tydelege svaret må vi tenke på korleis vi opptrer, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %