Hopp til innhold

– Folk kjem springande når snøen kjem

Bedrifta Trend i Vennesla opplever stor pågang frå kundar som vil kjøpe snøfresarar. – Eg kan ikkje anna enn å le, seier innehavaren.

Bjørn Lindjord

Bjørn Lindjord er dagleg leiar hos Trend i Vennesla.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Snøen har lava ned over store deler av Sørlandet.

Samstundes har desperate kundar nærast rent ned butikken til Trend i Vennesla.

– Medan det ikkje snør høyrer vi ingenting, men den dagen snøen kjem, så kjem dei springande frå klokka halv sju om morgonen. Så skal jo folk ha det der og då, ler dagleg leiar Bjørn Lindjord ved Trend i Vennesla.

Rask reparasjon

Berre sidan fredag har han selt opp mot 35 snøfresarar i ulike priskategoriar.

I tillegg til sal av splitter nye fresarar er det mange som plutseleg oppdagar at den gamle nektar å starte medan tunet er fullt av snø.

På plass i butikken til Bjørn Lindjord ventar kundane rask reparasjon.

– Dei vil helst vente med ein kopp kaffi utanfor. Men verda er ikkje så enkel i dag. Det kan ta litt tid å få tak i delar, forklarar han.

Verkstaden til Trend i Vennesla

Verkstaden til Trend er full av fresarar som skal reparerast.

Foto: Kai Stokkeland/NRK

Flest menn på kundelista

– Det er alt frå reimer til vaier som må skiftast. Folk køyrer inn i alt frå gamle hageslangar til ungane sine syklar, seier han.

Medan NRK snakkar med Lindjord fyller butikken seg opp av kundar som anten vil kjøpe ny snøfresar eller reparere den gamle.

Han beskriv den «typiske» snøfresarkunden slik:

– Det er nok frå 25–30 år og opp til pluss-minus femti. Definitivt flest mannfolk, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %