Hopp til innhold

– Folk har lagt ned tusenvis av timar

Stolte eigarar viste fram 77 veteranbussar i Kristiansand 1. pinsedag. Men ein av dei fekk trøbbel midt i kortesja på E18.

Veteranbusstreff i Sørlandsparken

VIDEO: Sjå glimt frå veteranbusstreffet.

Rune Gustavsen

Rune Gustavsen sin gamle buss fekk trøbbel på E18.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Veteranbuss med trøbbel på E18 i Kristiansand

Bussen til Rune Gustavsen måtte slepast frå E18.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK
– Motoren stoppa plutseleg, men eg får hjelp, seier Rune Gustavsen då bussen hans brått stoppa på E18.

– Det kan vere regnet. Det er jo gamle køyrety, så ein skal ikkje vente anna, smiler han.

Opp mot 4000 timar arbeid

Den eldste bussen som var med på veteranbusstreffet var ein 1920-modell. Nær sagt alle bussane har blitt funne som vrak og er pussa opp.

Geir Sørensen

Geir Sørensen er med i arrangementkomiteen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Ein annan hadde teke turen heilt frå Harstad. Bussen frå 1968 har køyrt nesten ein million kilometer. Det vert lagt ned ein stor jobb for å halde bussane vedlike.

– Det ligg no på frå 2000 til 4000 timar per buss. Du må ha det i blodet og vere villeg til å stå på og gjere det du kan, seier Geir Sørensen som er medlem av arrangementkomiteen.

Besøk frå utlandet

Bussane som deltok på treffet har stort sett gått i rute over heile Sør-Norge før dei vart sett vekk og gløymt.

No har dei altså fått nytt liv.

– Det har vore eit kjempetreff med nydeleg vêr og mange besøkande og interesserte. Det har vore heilt topp, seier Lars Wang.

I tillegg til norske bussar var det også ein frå Sverige, ein frå Tyskland og ein frå Danmark.

Det var stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) som opna arrangementet i Travparken i Kristiansand.

Veteranbussar frå Sørlandet

Veteranbussar frå Sørlandet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %