Hopp til innhold

E18 var stengt: – Folk gir blaffen og køyrer vidare

Ein lastebil har køyrt seg fast i tunneltaket på Kvernåstunnelen i vestgåande retning på E18 i Lillesand. Vegen var stengd i kring ein time, men bilistar køyrde likevel forbi.

E18 stengt

Kvernåstunnelen på E18 er stengt i vestgåande retning etter at ein lastebil har kilt seg fast i tunneltaket.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

– Vi ser alvorleg på at folk ikkje respekterer skiltinga, og spesielt raudt lys, seier Svein Harald Masterød hos Vegtrafikksentralen til NRK.

Ifølgje Vegtrafikksentralen skal omkøyring vere skilta om riksveg 420.

Eit raudt lys markerer at tunnelen er stengt på staden, og det er dermed forbode å passere. I tillegg har bilistar ringt til NRK og fortalt at andre snur og køyrer mot køyreretningar.

Bilistar som let vere å stoppe for det raude lyset risikerer bøter.

– Det er i så fall politiet som må handheve, seier Masterød.

Også politiet har fått meldingar om at folk ikkje bryr seg om raudt lys og køyrer inn i tunnelen.

– Vi er i ferd med å sende ei patrulje no, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Magne Storaker.

Det er store køar på omkøyringsvegen. Årsaka er eit trafikklys som gjer at trafikken hopar seg opp.

NRK oppdaterer saka.

Kø gamle E18

Det er lang kø på riksveg 402 som er omkøyringsveg.

Foto: Rebecca Tronden/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %