– Fleire nesten-ulykker på E39
Ein mann (49) er meld til politiet etter øvingskøyring med ei kvinne (32). Årsaka er at kvinna ikkje har teke grunnkurs. Politiet har fått fleire meldingar frå bilistar om uvettig køyring på E39 i Mandal. – Nesten-ulykker og kryssing av sperrelinjer, opplyser politiet.