Hopp til innhold

Vidaregåande skule blir truleg lagt ned

Den vidaregåande skulen i Åmli får ikkje ei landslinje for sandvolleyball og vert truleg lagt ned.

Åmli videregående skole

Den vidaregåande skulen i Åmli kan bli lagt ned.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Jon Olav Strand

Fylkesvaraordførar Jon-Olav Strand.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Ei landslinje ligg ikkje inne i forslaget som vert debattert på Stortinget. Strand kom med meldinga frå talarstolen i fylkestinget.

– Det må vi oppfatte som eit endeleg avslag, seier fylkesvaraordfører Jon Olav Strand (KrF).

Fleirtalet blant fylkespolitikarane i Aust-Agder har allereie signalisert at den vidaregåande skulen i Åmli vert lagt ned dersom det ikkje kjem ei landslinje til bygda.

Blir truleg nedlagt

– Signala eg har fått står fast frå posisjonen si side. Aktiviteten blir lagt ned frå 1. august 2015. No er vi veldig opptekne av konsekvensane dette får for Åmli-samfunnet og ikkje minst for elevane som har starta på si utdanning i Åmli. Vi må sikre at dei får eit kvalitativt tilbod når dei vert flytta til Tvedestrand, seier Strand.

Opposisjonspolitikar Tellef Inge Mørland (Ap) er skuffa og meiner at fylkesvaraordføraren gir seg utan kamp.

– Eg tykkjer det er skuffande at varaordførar Strand gir opp så lett som det her. Det er ingenting som kan kompensere for tapet av ein vidaregåande skule i Åmli. Eg tykkjer også det er synd at ein ikkje har trua på at ein kan drive gode skular ute i distrikta, seier Mørland.

– Ei katastrofe

Fylkesvaraordføraren vil no setje seg ned saman med kommunen for å sjå kva skulelokala kan nyttast til.

– Det kan vere næringsverksemder som treng lokale, eller kanskje kommunen sjølv har behov for å bruke nokre av lokala, seier Strand.

Åmli-ordførar Reidar Saga trur ei nedlegging av skulen vil få store konsekvensar for bygda.

– Det er sjølvsagt ei katastrofe for Åmli. Intet mindre, seier han.

Ordføraren nektar å gi opp håpet om å behalde den vidaregåande skulen. Framtida til skulen skal behandlast i fylketstinget 9. desember.

– Det ser unekteleg svart ut. Men vi gjer ikkje opp før alt håp er ute. Vi klamrar oss til at det kanskje er nokon i fylketinget som tek fornufta fatt, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %