Hopp til innhold

– Eliteseriespel er for tidleg for Jerv

Fleire veteranar i fotballklubben Jerv meiner eit opprykk til eliteserien i år kjem for tidleg. Søndag kan klubben vere eitt steg nærare.

Fleire veteranar i fotballklubben Jerv meiner eit opprykk til eliteserien i år kjem for tidleg. Søndag kan klubben vere eitt steg nærare.

SJÅ VIDEO: Marknadssjef i Jerv Trond Christoffersen og styreleiar Per Gunnar Topland tek utfordringa om klubben rykker opp til eliteserien.

– Eigentleg håpar eg vel ikkje at dei når toppserien. Det er for tidleg. Det vil bli veldig kostbart og forbundet vil stille store krav som vert vanskeleg både for klubben og kommunen å følgje, seier Arnfinn Fosselie til NRK.

Han sit på ein kafé på Oddensenteret i Grimstad sentrum saman med fleire kameratar.

Reidar Svendsen

Reidar Svendsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Jerv sin siste seriekamp mot Follo er naturleg nok tema rundt bordet. Med uavgjort er laget sikra kvalifiseringsplass i 1. divisjon. Med siger kan laget kapre 3.-plassen i divisjonen.

Trudde på botnkamp

– Eg får veldig vondt av politikarane i byen som skal vere med på dette køyret. Så eg vil ikkje snakke så mykje om dette endå, ler Reidar Svendsen.

– Dersom ein kan stabilisere seg i 1. divisjon nokre år trur eg det hadde vore det beste, seier Fosselie.

Tore Andersen er far til Jerv-stoppar Glenn Andersen. Også han trur eliteseriespel kjem for tidleg.

– Det dei har gjort til no er fantastisk bra. For eitt år sidan var vi veldig glade for å rykke opp. Vi rekna med å ligge i botnen å kave denne sesongen. Dei har teke nokre fantastiske steg, seier han.

For to år sidan var FK Jerv ein ubetydeleg klubb i norsk fotball. Få år før det kjempa dei med nebb og klør for å unngå nedrykk til 4. divisjon.

Jerv-veteranar

Jerv-veteranar diskuterer fotballklubben på kafé i Grimstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Må oppgradere stadion

Styreleiar Per Gunnar Topland vedgår at eit opprykk til eliteserien vil skape utfordringar. Utfordringane er først og fremst knytt til Levermyr stadion.

– Vi må ha fleire sitteplassar. Vi har 1000 i dag og eg har lese meg opp litt og trur vi må ha rundt 3000 for å tilfredsstille krava til fotballforbundet. Det er Grimstad kommune som er baneeigar, så vi har ei felles utfordring om det skulle bli opprykk, seier han.

I tillegg til fleire sitteplassar må klubben også ha undervarme på plass. Dei må også installere flaumlys.

– Ein kjempesesong

Marknadssjef Trond Christoffersen tek utfordringa om klubben rykker opp.

– Vi var vel ikkje rusta til å spele 1. divisjon heller. Vi tek utfordringane som kjem. Marknaden er der. Vi må berre bygge eit produkt som bedrifter og folk rundt har tru på, seier han.

Men først må laget sikre kvalifisering. Deretter må dei altså vinne kvalifiseringa.

– Det er framleis ein lang veg til eliteserien. Det har uansett vore ein kjempesesong, seier Topland.

Per Gunnar Topland og Ohi Kwoeme Omoijuanfo

Per Gunnar Topland og klubbens toppscorar Ohi Kwoeme Omoijuanfo.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %