Hopp til innhold

– Eit stort tap for regionen

Det blir ingen Hovefestival i 2015. No håpar fungerande ordførar Anders Kylland (Frp) på ny festival i 2016.

Hovefestivalen 2014

Fungerande ordførar i Arendal, Anders Kylland (Frp) håpar på ny Hovefestival i 2016.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Denne veka kom den endelege meldinga om at det ikkje blir Hovefestival i 2016. Årsaka er at det manglar pengar og tid til å planlegge festivalen.

– Det er inga tvil om at det er eit stort tap for vår region med alt ein slik festival gjer av synergiar, seier Kylland til NRK.

Ikkje overraska

Allereie i fjor haust vart det varsla at festivalen ikkje kom til å bli arrangert i år. Men det vart likevel gjort eit forsøk å skaffe pengar.

Ein 80-åring gav mellom anna 80 000 kroner for å berge festivalen. Men det var ikkje nok og dermed blir det ingen festival i år.

– Dette var inga overraskande avgjerd. Skal ein planlegge ein festival av den dimensjonen må det gjerast lang tid i førvegen. No håpar eg det vert jobba vidare, seier Kylland.

– Her er vi avhengig av veldig mange faktorar. Det er mange som spelar saman, seier han.

Umogleg å spå

Hovefestivalen vart arrangert for første gang i 2007. Festivalen har slite med økonomien. I fjor vart det selt 20 prosent billettar færre enn året før.

– Signalet eg vil sende til arrangørane er at vi har god erfaring med festivalen gjennom mange år. Samspelet mellom Festival Republic, kommunen og Hove drift- og utvikling har fungert utmerkt. Det er bygd opp ein solid organisasjon. Det er å håpe at ein kan vidareføre det i 2016, seier han.

– Har du tru på at det blir festival i 2016?

– Det er vanskeleg å seie. Dette med festivalar er veldig komplekst. Her er det mykje bevegelse. Det er heilt umogleg å spå noko om det, seier Kylland.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %