Hopp til innhold

– Tour de France og Thor er som eit lukkeleg ekteskap

Tidlegare proffsyklist Dag Erik Pedersen er mektig imponert over Grimstad-syklisten Thor Hushovd. –Det må vere herleg å vakne opp som Thor Hushovd, seier Pedersen.

Trøyemesteren Thor Hushovd

TRØYEMEISTEREN: Thor Hushovd har sykla med fem ulike trøyer i Tour de France: den gule leiartrøya, den grøne poengtrøya, den prikkete klatretrøya, den stripete verdsmeistertrøya og den norske trøya.

Foto: Scanpix/Reuters - Montasje: Sander Heggheim/NRK

Thor Hushovd i gul ledertrøye i Tour de France

I GULT: Thor Hushovd sikra den gule leiartrøya i Tour de France søndag.

Foto: PASCAL PAVANI / Afp
Dag Erik Pedersen

Dag Erik Pedersen

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Når det gjeld Thor Hushovd og Tour de France er det tydeleg at det er noko som triggar Hushovd sine sansar hundre prosent, seier Pedersen.

– Ekteskapet mellom Hushovd og Tour de France er eitt av dei mest lukkelege eg kjenner til i alle fall, seier han.

– Blir rett og slett stolt

Hushovd har imponert så langt i sykkelrittet. Måndag syklar han i den gule trøya, etter at laget hans, Garmin Cervelo, vann lagtempoen søndag.

– Det er rått. Det var målet når eg kom hit. Det var fantastisk. Laget gjorde ein god jobb og vi hadde marginane med oss. Det må ein ha også, sa Hushovd etter søndagens bragd.

At Hushovd klarte å ta den gule trøya imponerer Dag Erik Pedersen.

– Det er rett og slett slik at ein vert stolt når ein ser han sykle. Det er akkurat som om han vert transformert til ein programmert proffryttar, som skal levere resultata sine i nettopp Tour de France. Det har skjedd om og om igjen, seier han.

Trur på Hushovd

Sørlendingen er regjerande verdsmeister. Tradisjonelt har ryttarane som ber regnbogetrøya hatt store problem den påfølgjande sesongen. Også den forbannelsen har Hushovd brote, meiner Pedersen.

– Det er mange døme på folk som har fått trøya og som aldri har klart å levere resultata. Men det er Hushovd i ferd med å motbevise. No sit han i gult og er i sitt livs form. Eg trur dette kun er byrjinga på kva som kan skje i Tour de France i tida framover, seier Pedersen.

Thor Hushovd har no hatt på seg det meste av trøyer i Tour de France. Han har sykla i norsk meisterskapstrøye og i regnbogetrøya. Den grøne poengtrøya har han vunne to gonger. Måndag sykla han i gul trøye, og søndag sykla han i den prikkete klatretrøya.

– Det seier at han er plassert i alle lister som fins i Tour de France akkurat no, ler den tidlegare proffsyklisten.

– Han er bortskjemt

– Han er bortskjemt og kan velje og vrake i trøyer. Det må vere fantastisk å vere Thor Hushovd for tida. Det må vere eit eventyr å vakne kvar morgon å vite at du har den formen, historien og erfaringa i Tour de France som han har no, seier Pedersen.

– Thor Hushovd syklar jo med regnbogetrøya, men syklar no i gul. Er det vanskeleg å velje bort verdsmeistertrøya?

– Nei, i Tour de France er det ikkje vanskeleg å velje bort VM-trøya, fordi den gule trøya er så gjev å ha i Tour de France. Så det trur eg er noko sjølv ein verdsmeister gjer med glede, seier Pedersen.

Den gule leiartrøya heng særs høgt, og Hushovd vil behalde den så lenge som mogleg. Lagleiar i Garmin Cervelo Jonathan Vaughters seier at dei tek ein dag av gangen.

– Vi fokurserer på å behalde den neste dag, så får vi sjå. Vi tek dette dag for dag, seier Vaughters.

Trur han kan behalde trøya

Hushovd sin personlege trenar Atle Kvålsvoll meiner at Grimstad-syklisten kan behalde trøya fram til laurdag.

– Målet når du først har teke den er å behalde den ei vekes tid, seier Kvålsvoll.

Det er tidlegare proffsyklist Dag Erik Pedersen einig i.

– Eg trur Hushovd og laget kjem til å vere noko som han og laget kjem til å fighte for, i alle fall håpar eg det, seier han.

– For når han har den trøya i Tour de France, med den merksemda både i kraft av at han er verdsmeister og at han har den gule trøya, så kan eg ikkje forstå anna enn at han må gjere alt han kan for å behalde den ei stund, seier Pedersen.

– Eg trur han kjem til å klare det i nokre dagar. Det er eg overbevisst om, seier Dag Erik Pedersen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %