Hopp til innhold

– Eit lite vindpust er nok, så er det full fyr

Setesdal Brannvesen ber folk vere forsiktige med bruk av eld. – Det er veldig tørt mange stader, seier overbefalsvakt Egil Kvitne i Setesdal brannvesen.

Krattbrann

Det er dette overbefalsvakta i Setesdal brannvesen fryktar. (Arkivfoto)

Foto: Jan Jørg Tomstad/NRK

Laurdag ettermiddag måtte brannvesenet i Setesdal ut for å sløkke ein liten krattbrann i Valle.

Egil Kvitne

Egil Kvitne er overbefalsvakt i Setesdal brannvesen.

Foto: Espen Bierud / NRK

– Det var ingen dramatikk, og vi fekk raskt kontroll, seier Kvitne til NRK.

– Men eit lite vindpust er nok, så er det full fyr. Det er veldig tørt mange stader, sjølv om det har komme litt regn, seier han.

Også brannvesenet i Arendal har sløkt ein krattbrann på Skarpnes. Som i Valle fekk dei raskt kontroll over brannen.

– Vi ser røyk mange stader oppe i heia. Det er mange som er ute i finvêret. Det er greit så lenge ein har kontroll. Men det er så lite som skal til før ein har ein brann som er ute av kontroll, seier overbefalsvakta.

Også langs kysten er det tørt mange stader.

– Ein må ha ein plan på korleis ein skal sløkke flammane dersom det tek fyr, seier han.

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark utan løyve frå kommunen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %