– Det blir ein stor dag og ein merkedag for fotballen i Arendal. Det blir før og etter den nye stadion. I tillegg kjem vi heim igjen til Bjønnes og får ei skikkeleg heimebane, seier dagleg leiar Bård Sterk-Hansen i Arendal Fotball.
Den nye stadion tek 3238 tilskodarar etter første byggetrinn som no er ferdig.
I tillegg til nye tribuner er det lagt ei splitter ny kunstgrasmatte, VIP-område, kontor til administrasjonen i klubben og flomlys.
Takkar Otterlei
Men det er store planar for ytterlegare utbygging av Norac stadion. Byggetrinn to inneber å rive det gamle klubbhuset og sette opp ei ny tribune. Byggetrinn tre omfattar nye tribuner også i svingane, slik at ein får ein «lukka» arena. Tilskodarkapasiteten blir på mellom 7000 og 9000.
– Når vi går i gang med neste trinn veit vi ikkje enda, men eg trur ikkje det blir mange år til, seier Sterk-Hansen.
Det er selt kring 2500 billettar til søndagens opningskamp mot Mjøndalen. Men utan økonomisk hjelp frå styreleiar Jan Sigurd Otterlei hadde stadion neppe blitt ein realitet.
– Nei, eg trur ikkje det hadde vore mogleg. Han er heilt eineståande, seier Sterk-Hansen om Otterlei som betalar kring halvparten av stadion.
Håpar på «ØIF-boost»
Han er også oppteken av å takke Arendal kommune.
– Det er ein kjempekommune som torer å satse og som er med. Det er klart det er lettare for kommunen å seie ja når vi stiller med eit endå større ja-menneske, som tek halve rekninga og vel så det, seier han.
Arendal Fotball har slite i 1. divisjon etter å ha fossa gjennom 2. divisjon i fjor. Laget ligg nest sist på tabellen og kjempar for å overleve i divisjonen.
No håpar klubben at ny stadion vil gje ny energi i nedrykkskampen.
– Vi ser «boosten» ØIF fekk då dei flytta inn i Sør Amfi. Vi håpar på noko av det same, seier Sterk-Hansen.
– Tåler nedrykk
Anleggsansvarleg Per Carsten Michelsen meiner klubben vil tåle eit nedrykk.
– Dette er eit anlegg for ettertida. Rykker ein ned, så satsar ein vidare og rykker opp igjen. Det trur eg vil skje veldig fort, så eg trur vi vil tåle eit nedrykk, seier han.
Første motstandar på den nye stadion er altså formlaget Mjøndalen. Laget har vunne dei tre siste kampane utan å sleppe inn mål.
Men trenar Vegard Hansen skulle helst møtt Arendal på den gamle stadion på Myra.
– Sportsleg sett er det nok ikkje gunstig å komme til dei når dei skal opne ny stadion. Dei vil sikkert ha ekstra energi, seier han til miffotball.no.
- Les: Arendal slo Florø