NRK Meny
Normal

– Ein heilt sinnsjuk kamp

Omdiskuterte utvisningar, raudt kort og avgjerande scoring i sluttsekunda oppsummerer den dramatiske kampen mellom ØIF Arendal og Elverum.

Eirik Heia Pedersen, ØIF Arendal

Eirik Heia Pedersen

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er ubeskriveleg. Det var ein heilt sinnsjuk kamp. Vi har aldri spel så bra i forsvar før. Alle krigar og er 110 prosent tilstades. Vi er heilt sinnsjuke bak og då vinn vi med eitt mål, seier Eirik Heia Pedersen til NRK.no.

Arendalittane slo hedmarkingane 23-22 heime i Nedeneshallen. Fire minutt før slutt fekk Elverum-trenar Christian Berge to minuttar utvisning. Dermed måtte laget spele med ein spelar mindre.

Gautestad utvist

– Eg prøvde å leggje ned time-out-kortet, men fekk to minutt då sekretæriatet meinte eg hadde vore for lenge inne i sona. Det er jo berre å snakke med kvarandre, så slepp vi slike situasjonar, seier Berge.

I undertalsperioden scora David Rui for ØIF Arendal.1.47 minutt før slutt tok Elverum time-out. Då var det ØIF-trenar Leif Gautestad som fekk ein to-minuttar.

– Vi hadde ikkje fått alle spelarane på bana. Det ville eg sjølvsagt ha. Så tykte vel dommarane at eg stod for lenge på bana før eg gjekk av. Det har aldri skjedd før, og eg håpar ikkje det skjer igjen, seier Gautestad.

Gautestad blir utvist

UTVISNING: Leif Gautestad forstår lite då dommaren viser han ut.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sparka vekk ballen

ØIF-trenaren frykta ei stund at han øydela for eige lag då ØIF Arendal måtte spele dei to siste minutta med ein mann mindre på bana.

Christian Berge, Elverum

Christian Berge

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg berre håpa på at eg ikkje hadde øydelagt for resten av spelargruppa, som hadde gjort ein fantastisk jobb, seier Gautestad.

ØIF mista ballen i sitt siste angrep. Terje Østerhus sparka ballen på tribuna, og fekk direkte raudt kort.

– Det er forsåvidt greit. Det gjer jo ingenting. Han må truleg stå over neste kamp, men det er verd det når vi får med oss desse to poenga, seier Sondre Paulsen.

ØIF Arendal pådrog seg totalt fem utvisningar, medan Elverum fekk to.

– Vart heite i toppen

Trenar Leif Gautestad meiner laget leverte toppklasse mot Elverum.

– Første omgang var ein veldig flott prestasjon. Då er vi kanskje på det høgste nivået vi har prestert nokon gang. I andre omgang blir vi litt for heite i toppen, samstundes som Elverum gjer ein del taktiske val, som gjer at vi misser litt av rytmen, seier Gautestad.

Trass i utvisningar og irritasjon på dommarane, meiner Christian Berge at ØIF Arendal vann fortjent.

David Rui, ØIF Arendal

MATCHVINNAR: David Rui scora vinnarmålet mot Elverum

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tre poeng bak sølv

– Nei, Gautestad får to minuttar også. Slik sett blir det likt, men vi var inne i ei flytsone når eg fekk min. Vi hadde uansett god moglegheit til å avgjere, men klarte ikkje det, seier Berge.

Med sigeren over Elverum er ØIF Arendal berre tre poeng bak både sølv- og bronseplass.

– Det er alltid eit håp om medalje, seier Eirik Heia Pedersen.

Andre Jørgensen Hofstøl vart toppscorar i kampen med seks mål.