Hopp til innhold

– Ein dag full av sorg

Foreldre og tilsette ved Karuss barnehage har hatt ein tøff dag etter at ein 5-åring som gjekk i barnehagen omkom i ei ulykke.

Det vil vere eit barn mindre på leikeplassen, når barn og tilsette ved Karuss barnehage i Kristiansand samlast til ny barnehagedag onsdag.

Sjå intervju med einingsleiar ved Karuss barnehage, Helle Schiøtz.

– Det har vore ein tragisk dag. Full av sorg, full av bekymring og full av kjensler. Tankane våre går sjølvsagt til familie og pårørande til guten som omkom, seier einingsleiar ved Karuss barnehage, Helle Schiøtz til NRK.

5-åringen som omkom på veg til barnehagen, gjekk i Karuss barnehage i bydelen Vågsbygd i Kristiansand.

Var saman med mor og søster

Kranbil på Karuss i Kristiansand

Krimteknikarar frå politiet sikrar spor på staden.

Foto: Knut Knudsen Eigeland/NRK
Minnestund ved Karuss barnehage

Tilsette ved Karuss barnehage samla seg til minnestund på åstaden tysdag kveld.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Han gjekk saman med mora og si tre år gamle søster, då han kom i klem under ein mobilkran på ein gang- og sykkelsti.

Også systera kom under mobilkrana, men sleppte unna med lettare fysiske skader.

Kva som skjedde veit ikkje politiet førebels. Men dei to mennene som jobba med den mobile krana har forklart til arbeidsgjevaren at den sklei på det glatte føret.

Ein av mennene forsøkte å redde dei to barna. Også han kom under mobilkrana, men kom frå det med lettare skader.

Tysdag ettermiddag og kveld har mange samla seg på åstaden. Dei har tent lys og lagt ned blomster for å minne guten.

– Det var ei kjensleladd stund, seier Schiøtz om augneblinken då dei tilsette oppsøkte åstaden.

Blomster og lys ved Karuss barnehage

Det har blitt tent lys og lagt ned blomster på staden der 5-åringen omkom tysdag.

Foto: Tom Nicolai Kolstad/NRK

Minnestund onsdag

Tilsette i barnehagen, foreldre og pårørande har fått støtte av kommunen sitt kriseteam gjennom dagen. Dei har også fått informasjon om det som har skjedd.

– Det er djupt tragisk. Våre tankar og djupaste medkjensle går til familien, dei etterlatne og dei som er berørt av ulykka, seier varaordførar Jørgen Kristiansen.

Barnehagen vil vere open for foreldre og tilsette utover kvelden.

– Så lenge det er behov for det, vil barnehagen vere open i kveld. Vi har kriseteam der no i kveld for oppfølging av både tilsette og foreldre, seier Schiøtz.

Onsdag morgon blir det minnemarkering i barnehagen.

Kommunenes kriseteam er satt inn etter at en femåring omkom i en ulykke. Se intervju med varaordfører Jørgen Kristiansen.

Sjå intervju med varaordførar i Kristiansand, Jørgen Kristiansen.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %