NRK Meny
Normal

– Ei forferdeleg tragedie for bygda

Åmli-ordførar Reidar Saga seier at snøskuterulykka der ein mann omkom vil prege alle i bygda.

Reidar Saga

Reidar Saga er ordførar i Åmli.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det var ein 18 år gammal mann frå Åmli som omkom i ulykka.

– Det er heilt forferdeleg når slike ting skjer. Vi bur i ei bygd der alle kjenner alle. Dette vil prege alle, seier Saga til NRK.

Det var ved 18.30-tida laurdag kveld at politiet fekk melding om ei snøskuterulykke på Reismyrfjellet i Åmli.

Ein annan person er lettare skada etter ulykka.

Fekk beskjed på møte

Det er førebels ikkje kjent kvar den omkomne kjem ifrå. Årsaka til ulykka er heller ikkje kjent.

– Det er ei forferdeleg tragedie. Alle våre tankar går til dei pårørande, seier ordførararen i kommunen med kring 1800 innbyggjarar.

Ordføraren var på årsmøte i Arbeiderpartiet i Aust-Agder då han mottok den tunge beskjeden om at ein person hadde omkomme i snøskuterulykka.

Det skal også ha vore 10-12 andre personar på staden der mannen omkom. Desse vart frakta ut av området med snøskuter seint laurdag kveld.

Snøskutermiljø

Kommunen har samla kriseteamet sitt for å ta hand om desse og pårørande til den omkomne.

Det er eit stort snøskutermiljø i Åmli.

Det er ikkje kjent snøskuterkøyrarane hadde løyve til å køyre i området dei var i.

Snøskuterulykke i Åmli

Politi og ambulanse på plass i Åmli.

Foto: Nils Mosberg