Skarli: – Eg var budd på kritiske røyster

Sondre Skarli (28) ifrå Åmli seier at han var budd på kritikk når det vart kjent at han truleg blir ny skøytelandslagssjef.

Sondre Skarl (28) ifrå Åmli seier at han var budd på kritikk når det vart kjent at han truleg blir ny skøytelandslagssjef.

VIDEO: Sjå intervju med Sondre Skarli.

– Det vil komme uansett kven som blir trenar. Det er mykje engasjement rundt skøytesporten og det er veldig bra. Kritikk må ein tole i ein slik bransje, men så lenge ein har tillit frå dei som står nærast er det viktigast, seier Sondre Skarli til NRK.

NRKs skøyteekspert Even Wetten uttala tidlegare i dag at han ikkje trur at Skarli er rett mann til jobben som landslagstrenar.

– Han manglar erfaring

Even Wetten

NRKs skøyteekspert Even Wetten er kritisk til Sondre Skarli som ny landslagssjef.

– Sondre Skarli er ein mann som har tillit, men som manglar erfaring. Det gjer det til ein stor risiko å tilsetje han, sa Wetten.

– Det er naturleg at nokon stiller spørsmål ved alderen min. Det kan vere både fordelar og ulemper med det. Men eg har stor tillit blant løparane og det er heilt avgjerande om eg skal inn i denne posisjonen, seier Skarli.

Sørlendingen seier følgjande om kvifor han er rett mann til trenarjobben.

– Tillit blant løparane, mykje pågangsmot, god fysiologisk forståing og bakgrunn, og god skøytekunnskap ut ifrå min unge alder, seier han.

Sven Kramer frå Nederland har vore i ein klasse for seg sjølv på skøyteisen dei siste åra. Men Skarli trur det er mogleg å tukte Kramer.

I dialog med forbundet

– Sven har vore utruleg gjennom mange år. Forhåpentlegvis kan vi vere med å kjempe så raskt som mogleg, men han har vore ein supermann i mange år, seier Skarli.

– Sverre Lunde Pedersen kjem opp som ei kanonkule no. Eg trur han kjem til å vere veldig god på dei lange distansane til vinteren, seier Skarli.

Sørlendingen er no i dialog med Skøyteforbundet og reknar med at han kjem til å skrive kontrakt i nær framtid.

– Vi er i ein tett dialog no, så det kan fort løyse seg. Det er godt mogleg at noko er klart innan eit par dagar, seier han.