NRK Meny
Normal

Meia ned av bil på treningstur: – Takknemleg for livet

Svein Flaten og to kameratar vart påkøyrde då dei var på treningstur på rulleski. – Vi var heldige. Det kunne ha gått mykje verre, seier han.

De tre påkjørte rulleskiløperne

Desse tre vart påkøyrde av ein bil i Vegårshei torsdag kveld. Svein Flaten til høgre.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

– Eg hugsar ingenting av det som skjedde. Det einaste eg hugsar er at eg vakna i ein bil medan vi venta på ambulanse, seier Flaten til NRK.

47-åringen ligg framleis på intensivavdelinga med hjerneristing, skrubbsår og eit brot i leggen. Vi får dermed ikkje lov til å besøke han.

– Så lenge eg ligg i ro har eg ikkje vondt. Så etter forholda er det greitt, seier han.

Svein Flaten

Svein Flaten var ein av dei tre som vart påkøyrde i Vegårshei torsdag kveld.

Foto: Privat

– Takknemleg for livet

Han var på rulleskitrening saman med to kameratar då det small i Vegårshei torsdag kveld.

Kameratane hadde berre nokre få hundre meter att av intervalløkta i Myra.

Først vart ein av dei køyrt ned av ein bil.

Kort tid etter vart dei to andre påkøyrt av den same bilen, som stakk frå staden.

– Det er sikkert like greitt at eg ikkje hugsar noko. For min del tenker eg at det kunne ha gått mykje verre. Eg må vere takknemleg for livet og at det har gått så bra som det har, seier han.

Det var Geir Bråten som fann Flaten liggande i vegen. Han fekk Flaten inn i bilen sin og køyrde mot legevakta. Men berre nokre hundre meter lengre borte låg det altså to andre i vegbana.

– Det er klart dette gjer inntrykk. Det vart eit sjokk. Noko slikt har vi aldri opplevd her tidlegare, seier han.

Innsatsleder i politiet gir en oppdatering rundt ulykken på Vegårshei hvor flere personer er skadet.

Sjå intervju med innsatsleiar i Agder-politiet, Øyvind Fagerli.

Stakk av

Politiet veit framleis ikkje kven som køyrde på Flaten og dei to kameratane hans. Torsdag etterlyste politiet ein sølvgrå bil. Framleis er ingen personar arresterte. Bilen er heller ikkje funne.

– Eg har ikkje så mykje tankar om det. Politiet jobbar sikkert med det, men det er ikkje det viktigaste for meg, seier han.

Dei tre kameratane har trent på den same strekninga ei rekkje gonger, men aldri opplevd noko ubehageleg, ifølgje Flaten.

– Eg forstår jo at det er litt risiko med rulleski på vegen, men å gå på sletta i Myra i lys, bør ikkje vere det mest farlege, seier 47-åringen som håpar å vere tilbake på trening snart.

– Eg får ta ein ting av gongen, men eg håpar det er snø når eg kan gå på ski igjen, seier han.

Stakk etter ulykke i Vegårshei

Bilisten stakk av etter ulukka i Vegårshei torsdag.

Foto: Leif Dalen