Hopp til innhold

Mjelde: – Eg har ikkje vore god nok

I kampprogrammet før kveldens oppgjer mot Vålerenga vedgår Start-trenar Mons Ivar Mjelde at han ikkje har vore god nok som trenar den siste tida.

Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde tek sjølvkritikk etter laber poengfangst dei siste kampane.

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB scanpix

– Eg som hovudtrenar har i alle fall ikkje vore god nok til å få ut det beste av mannskapet, skriv Mjelde i spalta si i programmet.

Sesongen starta bra for sørlendingane med sju poeng på dei fire første kampane. Sidan har det gått langt tråare.

Eitt poeng på fire kampar

Vi må heilt tilbake til 21. april for å finne sist gang Start gjekk sigrande av bana i ein eliteseriekamp. Etter det har det blitt tre tap og ein uavgjort på dei gule og svarte frå Kristiansand.

I førre serierunde tapte Start 1-2 då Sogndal scora sigermålet på overtid på Fosshaugane.

– Det er ikkje bra nok i forhold til måla og forventningane vi har sett til oss sjølv i Start, skriv trenaren.

– Min jobb er å få laget til å fungere att. Vi vinn ikkje fotballkampar berre ved at enkeltspelarar er bra, det er heilheita, kollektivet som må fungere. Kollektivets kraft må kjenneteikne oss i dei neste kampane, skriv han.

Mathisen tilbake

Til 16. mai oppgjeret fredag kveld er midtstoppar Jesper Mathisen tilbake etter skade. Få timar før kampstart vart det klart at venstreback Rolf Daniel Vikstøl måtte kaste inn handkleet på grunn av sjukdom. Inn kjem Robert Sandnes.

Start (4-4-2): Håkon Opdal - Glenn Andersen, Markus Berger, Jesper Mathisen, Robert Sandnes - Ernest Asante, Fernando Paniagua, Solomon Owello, Espen Børufsen - Espen Hoff, Zlatko Tripic

Vålerenga (4-2-3-1): Michael Langer - Alexander Mathisen, Niklas Gunnarsson, Simon Larsen, Ruben Kristiansen - Diego Calvo, Christian Grindheim - Ghayas Zahid, Rasmus Lindkvist, Sivert Heltne Nilsen - Vidar Ørn Kjartansson

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %