Hopp til innhold

– Eg har hatt sinnsjukt flaks

Kreft er årsaka til at Vipers Kristiansand-trenar Gunnar Pettersen (60) har vore sjukmeld i lengre tid, skriv Fædrelandsvennen.

Gunnar Pettersen

Vipers-trenar Gunnar Pettersen har hatt kreft og skal gjennom ein ny operasjon. Her er han på sidelinja under ein kamp mot Larvik.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Pettersen har vore sjukmeld i over to månader.

– Eg har hatt sinnsjukt flaks, seier Gunnar Pettersen i eit intervju med Fædrelandsvennen.

Då sjukmeldinga vart kjent, sa Pettersen at han hadde hangla i lengre tid, og at han venta på resultat frå fleire prøver.

– Kan hende eg er frisk allereie

I eit intervjuet fortel den tidlegare landslagstrenaren at det heile starta med magesmerter i januar.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Gunnar Pettersen på sidelinja i seriekampen mot Larvik i Aquarama i vinter.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Etter ei rekkje prøver slo legen etterkvart fast at det var kreft i ein av fire polyppar, som han allereie hadde fjerna då konklusjonen kom. No skal han gjennom ein ny operasjon.

– Uansett skal eg opererast for at dei skal vere på den sikre sida, men det kan godt hende at eg er frisk allereie, seier han til avisa.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar i Vipers Kristiansand, Terje Marcussen, som seier at Pettersen ikkje vil snakke med andre medier enn Fædrelandsvennen.

40 000 kilometer i bil på ti månader

Kristine Lunde Borgersen tok over trenaransvaret i eliteserieklubben då Pettersen vart sjukmeld. Pettersen seier til avisa at han ikkje kjem tilbake som trenar.

Pettersen seier til avisa at alle legar som har undersøkt han har konkludert med at han har levd eit stressande liv.

Han viser mellom anna til at han køyrde 40 000 kilometer på ti månader då han pendla mellom Kristiansand og Sandefjord. I tillegg har han jobba som ekspertkommentator i Viasat.

– Eg har aldri grua meg til ein einaste biltur, men ser i ettertid at det har blitt for mykje for ein 60-åring, seier han.

– Lukka oppi det heile er at dette har resultert i magesmertene, og uten dei kunne det gått årevis utan at kreften vart oppdaga, og ting kunne blitt tusen gonger verre, seier han til avisa.

Slo Larvik

Etter at Pettersen kom til Vipers Kristiansand, har klubben opplevd ein stor opptur.

Klubben har langt fleire tilskodarar på kampane sine enn tidlegare med eit snitt på over 1000 no.

Denne sesongen vart Vipers nummer fire i serien og sette poengrekord i eliteserien. 4. plass er også den beste plasseringa sidan 2003/04-sesongen.

Høgdepunktet i Vipers-karrieren kom då Vipers slo suverene Larvik i semifinalen i sluttspelet i fjor.

– Eg har vore i to finalar i europacupen, men dette er det største eg har opplevd som klubbtrenar, sa Pettersen til NRK etter kampen.

Vipers slo Larvik

Sjå intervju med Gunnar Pettersen etter sigeren mot Larvik i fjor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %