Hopp til innhold

– Eg fekk ein knyttneve så det suste

Handleturen vart snudd på hovudet for Ingrid Rosseland frå Kristiansand då ho sto i bilkø og enda opp med å bli slått til.

blind vold på Lund i Kristiansand

Det var i dette området hendinga skjedde måndag ettermiddag.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

– Eg fekk ein knyttneve så det suste. Det er ikkje haldbart av ein vaksen mann, fortel Rosseland.

Ho var ute på køyretur for å gjere nokre ærend. Då ho venta på grønt lys i eit lyskryss på Lund i Kristiansand, merka ho at bilen bak byrja å tute veldig.

– Eg var usikker på om det var nokon som kjente meg eller om det var noko gale med bilen min.

Rosseland fortel at ho hadde to bilar føre seg og at ho køyrde vidare. Etterkvart måtte ho bremse ned, sidan bilen framfor skulle svinge av vegen.

Blind vald

– Så brenn han forbi meg og bråstoppar midt i gata så eg ikkje får køyrt vidare, hevdar ho.

Rosseland forklarar at ho ikkje har kjennskap til mannen. Ho seier at han gjekk ut av bilen. Det same gjorde ho. Det var då mannen skal ha gått til angrep.

– Så smell han til meg midt i fjeset. Ein vaksen, kraftig mann, seier ho.

Ifølgje Rosseland og vitne NRK har vore i kontakt med, sprang mannen tilbake i bilen sin og køyrde vidare i ein voldsom fart.

– I eit lite sekund der venta eg på at det skulle smelle, seier Rosseland.

Blind vold offer

Ingrid Rosseland vart ikkje alvorleg skadd etter hendinga, men nasen fekk seg ein støyt.

Foto: Privat

Forstår ikkje motivet

Forbipasserande hjelpte Rosseland å notere skiltnummeret. Nokre skal også ha kjent vedkomande igjen.

Rosseland fekk ikkje alvorlege skadar, men nasen fekk seg ein støyt. Ho har ikkje vore hos legen, men trur ho har fått ein hjerneristing.

– Eg forstår ikkje kvifor han angreip meg. Eg køyrde heilt normalt, og hadde gjort akkurat det same om det var politiet som låg bak, for å seie det slik, seier ho.

Rosseland har meldt den skremmande hendinga til politiet.

Opplevd liknande saker

Mannen er førebels ikkje avhøyrt av politiet, men skal etter planen avhøyrast i løpet av kvelden.

Operasjonsleiar hos Agder politidistrikt, Magne Storaker, seier dei har teke hand om mannen.

– Då politiet kom til staden var gjerningsmannen forsvunne. Han er i ettertid identifisert, og sit no i arrest hos politiet.

Storaker seier dei har opplevd liknande episodar før.

– Vi har saker frå tid til annan der det kokar over for folk i trafikken som går til fysisk angrep på medtrafikantar. Det er ikkje veldig vanleg, men vi har tilsvarande saker, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %