Hopp til innhold

– Du må like å vekke oppsikt for å køyre ein slik

Det fins berre kring 400 av bilane i Norge. Stolte Morgan-entusiastar elskar å vise seg fram når dei brummar gjennom gater på Sørlandet.

I helgen møtes Norsk Morgan Klubb til biltreff på Sørlandet.

Se reportasje fra Morgan-treffet på Sørlandet.

Alle har ein ting til felles: dei elskar handlaga Morgan-bilar.

– Det er ei utruleg kjensle å køyre rundt i ein engelsk klassisk sportsbil i vakkert sommarvêr på Sørlandet. Det er heilt fantastisk, seier Tor Arne Rickvoldsen.

Han er ein av 292 medlemmer i Norsk Morgan Klubb. Frå torsdag til søndag er kring 60 av medlemmene på Morgan-treff på Sørlandet.

På Strømsbu gård i Arendal står fleire titals blankpolerte Morgan-bilar på rekke og rad. Alle er unike - ingen er like.

Morgan-biler

Mange Morgan-bilar, men ikkje ein av dei er lik nokon andre.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Ingen bilar er like

– Fargen på bilen min heiter regalraud. Ingen bilar i Norge er like. Fargen kan likne, det kan vere forskjellig trekkfarge inne i bilen. Eg har vore på treff med 2500 bilar og der var det ingen som hadde denne fargen, seier president i klubben, Petter Ellefsen.

Petter Ellefsen

Petter Ellefsen er president i den norske Morgan-klubben. Her er han i finstasen.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Fredag skal Morganklubben mellom anna innom Ugland Bilmuseum i Grimstad.

Også ølsmaking på Nøgne Ø står på programmet, men bilane er hovudårsaka til at 60 Morgan-galne menneske er samla på Sørlandet.

– Vi får gode kontakter og eit triveleg miljø. Det vi har til felles er bilen, seier presidenten.

Og det er ingen vanlege bilar dei har.

Blir lagt merke til

– Det er ein gjeng med godt skolerte handtverkarar som lagar desse bilane i eit lite dalsøkk i England. Karosseriplatene er jo handvalsa og bilen er bygd på ei treramme. Det er ganske spesielt, seier Rickvoldsen.

Skal vi tru presidenten i den norske Morgan-klubben vert bilane lagt merke til. Det er med andre ord ikkje ein bil for deg som ikkje likar å stikke deg fram.

– Du må like å vekke oppsikt. Alle tittar på deg og vinkar på deg. Det er ei oppleving i seg sjølv. Alle blir blide når dei ser oss, smiler Ellefsen.

Dersom du er i Arendal i helga er sjansen stor for at du vil få auge på nokre av bilane. Då skal dei køyre rundt i området og vise fram bilane.

Morgan-bil

Morgan-bilar på rekke og rad.

Foto: Sigbjørn Kristiansen/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %