Hopp til innhold

– Difor slår vi Sarpsborg 08

Start-spelarane er optimistar før kampen mot Sarpsborg 08 søndag. Klubben kan sikre ny eliteseriekontrakt med siger.

VIDEO: Vi spurte fire Start-spelarar korleis dei skal slå Sarpsborg 08 søndag.

NETT-TV: Vi spurte fire Start-spelarar korleis dei skal slå Sarpsborg 08 søndag.

– Vi er i såpass god form og laget har mange spelarar som har funne forma. Då trur eg Sarpsborg får det vanskeleg, seier kantspelar Espen Børufsen til NRK.

Start har vunne sine fire siste kampar. Førre helg slo dei Tromsø 3–2 på bortebane. Det gjorde at sørlendingane fekk eit lite pusterom frå nedrykksstriden.

– Sjølvtilliten er tilbake

– Her heime har vi levert nokre kjempegode kampar og vi satsar på å gjere det same no, seier Børufsen.

Espen Hoff peikar på at laget har fått tilbake sjølvtilliten etter dei gode resultata i det siste.

– No har vi fått struktur i laget som er god og som har vore god over lang tid. Vi har spelt på oss sjølvtillit og har endeleg fått litt flyt i spelet, som vi har ynskt tidlegare i år, men ikkje har fått til, seier Hoff.

Midtstoppar Jesper Mathisen håpar på mykje folk på tribunane i kampen som kan sikre ny eliteseriekontrakt.

Håpar på mange tilskodarar

– Vi er eit betre lag. Vi har eit høgare toppnivå og er i betre form enn Sarpsborg. Vi spelar heime føre mykje folk og det var ufatteleg gøy mot Sogndal. Det blir veldig gøy søndag også håpar eg, seier Mathisen.

Mot Sogndal vann Start 2–0 med over 10 000 tilskodarar på tribunane.

– Vi er eit betre lag og denne kampen viktig for oss. Med fulle tribunar kan det gå vår veg. Vi må fikse dette, seier toppscorar Matthias Vilhjalmsson.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %