NRK Meny
Normal

– Dette kjem ikkje som julekvelden på kjerringa

Brøytemannskapa på Sørlandet er i full beredskap. Det kan komme opp mot 40 centimeter snø på eitt døgn enkelte stader i Agder.

Brøytebil

Brøytemannskap er klar til å halde vegane opne i Agder. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi har snakka med entreprenørane. Dei er i beredskap og klare. Det blir spennande å sjå kor mykje snø som kjem, seier vegsjef i Aust-Agder, Erling Jonassen til NRK.

Det er nærast ein tradisjon å rekne. Det første store snøfallet i dei største byane betyr ofte kaos i trafikken, og både vegvesenet og brøytemannskapa får kjeft.

– Veldig godt budde

– Mange har forventningar om at alt skal vere som vanleg, sjølv om det kjem mykje snø og vatn. Vi er vande med å brøyte snø, men på dagar der det kjem mykje på ein gong, kan det bli problematisk, seier han.

– Er de budde på det som kan komme?

– Dette kjem ikkje som julekvelden på kjerringa. Vi er veldig godt budde og følgjer godt med på situasjonen, seier Jonassen.

Det betyr at mange brøytebilar står klar til å rykke ut når snøen kjem.

– Frå tysdag kveld blir det snøvêr som vil halde på til utover ettermiddagen i morgon, seier statsmeteorolog Bjart Eriksen.

Trailere stoppet på E39 i Kristiansand

I februar vart ei rekkje lastebilar og vogntog stoppa fordi dei var for dårleg skodde.

Foto: Hilde Skarvøy Gjestland/NRK

Vil ikkje gje garanti

Vegsjefen i Vest-Agder, Dagfinn Fløystad, seier at også dei har beredskapen på topp.

Der er det knytt størst spenning til situasjonen på E39 frå Kristiansand og vestover.

– Vi er god budde og har alt utstyr klart. Vi er klar til å stoppe dårleg skodde køyretøy dersom det er naudsynt. Men det betyr ikkje at trafikken ikkje stoppar opp. Det kan vi sjølvsagt ikkje garantere, seier Fløystad.

I løpet av onsdag ettermiddag går nedbøren over til regn langs kysten. Det er meldt om vanskelege køyreforhold på fjellet i Sør-Norge på grunn av sterk vind, mykje snø og sludd.

– Vi prioriterer nok dei mest trafikkerte vegane. Men det betyr ikkje berre europavegane. Vi har også mange fylkesvegar som er mykje trafikk på, seier Jonassen som ber folk vise tolmod.

– Det kan ta litt tid før vi vil rekke over fortau, gangvegar og busslommer dersom det kjem mykje snø. Så er det greitt om folk er forsiktige. For det blir fort glatt når nedbøren snur om til regn. Ein må tilpasse farten etter føret, seier han.

Slik blir været på Sørlandet onsdag.