Hopp til innhold

– Skulle tru vi lever i steinalderen

Dyrebeskyttelsen i Rogaland reagerer sterkt på at Arendal kommune vil ta livet av villkattar. I Rogaland har dei hatt suksess med å sterilisere og kastrere villkattane.

Kari Mills med katt

Kari Mills er særs kritisk til at Arendal kommune vil ta livet av villkattar.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

– Eg kan ikkje forstå korleis dei kan setje i gang med noko så gammaldags. Det er jo på steinaldernivå, seier Kari Mills i Dyrebeskyttelsen i Sør-Rogaland til NRK.

Dyrevernarane har kasta seg inn i debatten etter at det vart kjent at villkattane i Arendal går ei usikker skjebne i møte. Kommunen meiner at katteproblemet er blitt så stort at avliving er einaste utveg.

Steriliserer og kastrerer

Samstundes vurderer dei å setje ei begrensing på kor mange kattar kvar enkelt kan ha.

I Rogaland var villkattar eit stort problem for mange år sidan. Men i 1996 inngjekk Dyrebeskyttelsen avtaler med Stavanger og Randaberg kommunar om å sterilisere og kastrere kattane.

– Deretter vert dei sett ut igjen. Dei som er menneskesky vert sett under eit omsorgsprogram der ein følgje med dei og gir dei mat, fortel ho.

– Vi hankar dei inn om dei vert sjuke og dei som er tamme vert omplassert. Dette er måten å gjere det på. Då blir det aldri eit tilbakevendande problem, seier Mills.

Bebuarar i Arendal fortalde tidlegare tysdag at villkattane etterlet seg store mengde med avføring.

Kan ikkje sitje ute

– På sommaren er det lukt og fluger. Til tider har det vore problematisk å sitje på verandaen på grunn av lukta. Det er himla dumt når ein i utgangspunktet har ein fin uteplass, sa Stein Are Andersen.

Kari Mills meiner at dersom ein tek livet av kattane vil problemet vere tilbake i løpet av få år.

– Dei vil få tak i nokon av dei, men ikkje alle. I tillegg vil det alltid vere huskattar som går i fellene, seier Mills.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %