NRK Meny
Normal

– Dette er klin kokos-ligaen

ØIF Arendal-trenar Leif Gautestad er overraska over laget framleis er med i medaljekampen i eliteserien.

Leif Gautestad

Leif Gautestad har tru på siger mot Bodø.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trenaren vedgår at han trudde at medaljen rauk då laget spelte uavgjort i førre serierunde på heimebane mot Runar.

– Eg hadde vel ikkje trudd det. Eg kallar eliteserien klin kokos-ligaen. Det er heilt umogleg å vite kva som skjer. Ligaen lever opp til ryktet sitt som klin kokkos, seier Gautestad til NRK.

– Det er veldig jamt og umogleg å vite kva kampresultata blir og kva som skjer. Det einaste ein veit er at det er jamne kampar, seier Gautestad.

Men i helga tapte Runar mot Bodø. Det gjer at arendalittane framleis har moglegheit til å ta bronsemedalje i serien.

Dersom ØIF slår Bodø på bortebane onsdag kveld, og Runar tapar mot Drammen på bortebane, vil arendalittane vere eitt poeng bak Runar før siste serierunde.

Der møter ØIF Follo på heimebane. Medan Runar får besøk av Bodø. Men Gautestad har først og fremst fokus på onsdagens kamp i Bodø.

– Bodø har framstått som sterke og har vunne mange store sigarar i det siste. Vi ventar at det blir fullt hus her og vi ser på det som ein tøff motstandar. Men vi har tru på at vi kan slå dei, seier trenaren.