– Det blir heilt fantastisk å komme hit. Vi gler oss til å ta imot gjester og publikum, seier dagleg leiar Bård Sterk Hansen til NRK.
3. november i fjor offentleggjorde klubben skisser av sitt nye stadion på Bjønnes.
No har anleggsmaskinene innteke stadion.
Dette skal gjerast
I løpet av drygt tre månader skal nytt kunstgras med undervarme leggast.
Ei ny tribune på den ein langsida skal reisast. I tillegg skal det settast opp tribunar på kortsidene.
Det skal også installerast flaumlys, og ein brakkerigg som skal huse kontor og VIP-gjester på kampdag.
– Eg trur det blir ein kjempefin stadion. Vi får ein skikkeleg fotballstadion. Ikkje eit friidrettsstadion, seier han.
Prislappen er på kring 40 millionar kroner. Styreleiar og hovudsponsor Jan Sigurd Otterlei har spytta inn ein vesentleg sum i prosjektet.
– Om vi hadde fått det til utan han er vanskeleg å seie. Det hadde blitt veldig, veldig mykje vanskelegare, seier Hansen.
– Medaljane kom på rekke og rad
Per Carsten Michelsen er stadion- og arrangementsansvarleg i Arendal Fotball. Han jobbar også i ØIF Arendal, ein klubb som flytta frå vesle Nedeneshallen til Sør Amfi for nokre år sidan.
– ØIF tok eit kvantesprang. Vi flytta frå ein normal norsk idrettshall til ei skikkeleg storstove. Medaljane kom på rekke og rad, og vi er med i sluttspelet i år også. Ein ny arena vil bety enormt, seier Michelsen.
– Du får ei skikkeleg leikegrind og skal lage eit heimefort. Gode vilkår gjer gode resultat, seier han.
Planen er at Arendal skal innvie den nye stadion mot Åsane 30. juli.
Til no har poengfangsten i 1. divisjon vore mager for den nyopprykka klubben. Null poeng på dei tre første kampane er status så langt. Søndag tek dei imot Florø på Myra stadion.
– Vi har vore litt uheldige og litt udyktige. Men mot Florø kjem trepoengaren, seier dagleg leiar Bård Sterk Hansen.