NRK Meny
Normal

– Det verste eg har sett i mitt liv

Hotelleigar Jarl Haugedal frå Kristiansand trudde knapt sine eigne auge då orkanen «Sandy» slo inn over New York.

Jarl Haugedal opplevde orkanen Sandy

HERJING: – Det er vatn over alt, seier Jarl Haugedal etter orkanen i USA.

Foto: NRK - John Minchillo/Ap

– Dei som kjenner meg veit at dette er noko eg aldri seier. Det er heilt jævlig. Det er det verste eg har sett i mitt liv. Det er vatn så langt du kan sjå, seier Haugedal til NRK.no.

Orkanen slo til rett over klokka 01.00 norsk tid. Så langt er 13 personar meldt omkomne. Over 7,1 millionar er utan straum og pasientar vert evakuert frå sjukehus.

Store øydeleggingar

– Alle gater er elvar og innsjøar. Det er ikkje ein tørr stad nokon stad. Det renn over alt. Vi prøvde oss ein tur ut med bilane våre for å sjå kor langt vi kunne komme for å finne sandsekker. Vi kom ikkje langt. Det er absolutt det verste eg har sett i mitt liv, seier han.

– Alle tunnelar er fulle av vatn. Straumen kutta dei fort og det brenn i fleire bygg, fortel Haugedal.

Etter fleire timar med herjing er «Sandy» no i ferd med å roe seg.

– Eg kan ikkje tenkje meg kor lang tid det vil ta før straumen er tilbake. Det må i alle fall ta ei veke. Alt er vekk. Det ligg svære tre som er rivne ned over alt, seier han.

Sandy

UVÊR: Gatene er fylt med vatn etter uvêret.

Foto: Jason DeCrow / Ap

– Hundre gonger verre

For eitt år sidan opplevde Haugedal stormen «Irene» i New York. Den er ikkje i nærleiken av «Sandy», ifølgje sørlendingen.

– Den er hundre gonger verre. Det kan ikkje samanliknast. Heile byen er jo under vatn. Det er fullstendig sjø over alt, seier han.

– Byen vert sikkert kansellert i tre-fire dagar framover. Det kjem til å bli kaos så lenge du kan tenkje, seier han.

Formann for Metropolitan Transportation Authority (MTA), Joseph Lhota, stadfestar at øydeleggjingane er store etter «Sandy»

– Aldri sett ei katastrofe som dette

– Vi har aldri sett ei katastrofe så øydeleggjande som dette. Dette råkar heile vårt transportsystem i heile regionen, seier Lhota.

Som nemnt er over 7 millionar utan straum etter uvêret. Det blir no jobba på spreng for å få tilbake straumen.

– Vi har 4300 menneske som jobbar med å gjenopprette straumforsyninga, men så lenge «Sandy» framleis er i full sving fokuserer vi på å avgrense skadene akurat no, melder straumleverandøren PPL Electric.