Hopp til innhold

– Det største du kan oppleve i norsk handball

Oslo (NRK.no): ØIF Arendal-trenar Marinko Kurtovic trur nervane er under kontroll i ØIF-mannskapet før cupfinalen mot Bodø. No vil han hente Kongepokalen heim til Arendal.

Se cupfinalemagasinet før oppgjøret mellom ØIF Arendal og Bodø Håndball.

CUPFINALEMAGASIN: Sjå intervju med spelarar og trenar Marinko Kurtovic før cupfinalen. Du kan også sjå sportsleg leiar Per Carsten Michelsen og marknadssjefen i Bodø Håndball, Bjørn Heitmann.

– Nokre spelarar kjem nok til å gå med blikket ned og grue seg, samstundes som dei gler seg til kampen. Ein cupfinale er det største du kan oppleve i norsk handball i år, seier Kurtovic til NRK.

– Alle seier at det er ein vanleg kamp. Det er eg ikkje einig i. For det er ein cupfinale. Det betyr mykje for klubben og byen å få med seg heim ein tittel, seier trenaren.

Held Bodø som favorittar

Verken ØIF Arendal eller Bodø har tidlegare spelt ein cupfinale. Tidlegare denne sesongen har nordlendingane slått arendalittane to gonger.

– Per dags dato er Bodø favorittar nettopp fordi dei har slått oss to gonger og at dei har slått oss ganske klart, seier han.

Kurtovic har tidlegare vore med på å tape ein cupfinale då han var trenar i Drammen. Då var det Elverum som til slutt løfta Kongepokalen.

– Eg lærte mykje av den finalen. Vi var i leiinga gjennom heile kampen og hadde full kontroll. Plutseleg glapp det. Spelarane vart rett og slett redde og skulle «safe» inn. Då tapar du. Det kjem ikkje til å skje mot Bodø, seier han.

– Ein draum

Over 1700 sørlendingar har kjøpt billett til kampen i Oslo Spektrum. Keeper Svenn Erik Medhus gler seg stort til finalen.

– Det er dette vi har drøymt om. Å få med publikum slik at dei vert den åttande spelaren vår. Vi skal vinne kampen på tribuna og forhåpentlegvis på bana, seier Medhus.

ØIF Arendal har gjennomført ein knallsterk første halvdel av årets sesong. I tillegg til plass i cupfinalen toppar laget eliteserien.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %