NRK Meny
Normal

Ekspert: – Det kan komme fleire ras

Skredekspert Kjetil Brattlien undersøkte søndag ettermiddag snøraset på Hovden.

Geoglog på befaring på Hovden

Ein skredekspert har vore på befaring på Hovden søndag ettermiddag.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Evakuerte hytter på Hovden

Det kan komme fleire snøras.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Eg er ikkje overraska over at det har gått ras her. Men eg er overraska over at det er såpass stort og langt, seier Brattlien til NRK.

– Den nye snøen ligg på eit ustabilt lag som er tørt og som er svakt. Det vil ta lang tid før dette er heilt stabilt, seier han.

Raset har ei breidde på kring 150 meter.

– Voldsomme krefter

Laurdag ettermiddag vart tre hytter evakuert på Hovden på grunn av stor rasfare. To andre hytter er påført skader etter å ha blitt treft av eit snøras natt til laurdag.

Det er stort snøfall og mykje vind som er årsaka til rasfaren.

– Det har vore ein spesiell vinter her. Folk seier at dei aldri har sett så mykje snø på denne tida, seier Brattlien.

Ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss, er overraska over at raset har gått der det har gjort.

– Ein ser kva krefter som er i sving. Raset har glidd over ei flate på godt og vel 100 meter. Det er voldsomme krefter. Stikkordet er rett og slett respekt, seier han.

Skredekspert Kjetil Brattlien undersøkte søndag raset på Hovden.

Sjå video av skredeksperten i arbeid.

– Etterpåklok

Området der hyttene står vart vurdert av geologar før dei vart bygd.

– Ein kan vere etterpåklok. Det er ekstreme forhold slik det har vore no. Tida går og klima endrar seg. Slik er det berre. Det er blitt bygd her, seier han.

Seinare søndag skal skredeksperten opp i helikopter og vurdere rasfaren frå lufta.

Ordførar i Bykle, Jon Rolf Næss, om snøras.

Sjå intervju med Bykle-ordførar Jon Rolf Næss.

Evakuerte hytter på Hovden
Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK