Hopp til innhold

– Det er slike kampar ein kjem til å hugse

Start har ikkje slått Molde på heimebane på neste ti år. Søndag kan sørlendingane vere heilt avhengige av siger for å berge plassen i eliteserien.

Start har ikkje slått Molde på heimebane på neste ti år. Søndag kan sørlendingane vere heilt avhengige av siger for å berge plassen i eliteserien.

Sjå reportasje på fredagens Start-trening.

– Det er slike kampar ein kjem til å hugse når ein etter kvart legg opp. I alle fall dersom det går bra, seier Start-spelar Andreas Hollingen.

Andreas Hollingen, Start

Andreas Hollingen på trening fredag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Jo større utfordringa er desto større er glada om du klarer å vinne, seier Start-trenar Bård Borgersen til NRK.

Dersom Mjøndalen slår Viking i Stavanger må Start vinne mot Molde i Kristiansand for å behalde kvalifiseringsplassen.

Dersom Mjøndalen spelar uavgjort mot Viking må Start unngå å tape med meir enn tre mål.

Start-trenaren vil halde seg oppdatert på Mjøndalen-kampen undervegs.

Får rapport frå Mjøndalen-kampen

– Det er klart vi må bry oss om den kampen. Det har vore litt spesielt dei to siste kampane at vi også må følgje med på andre kampar. Det gjer det endå meir utfordrande, men slik er det, seier trenaren.

Start har ikkje slått Molde på heimebane sidan 2006. Då vann Start 3–2 på heimebane og melde seg på i kampen om medaljane. Denne gongen kjempar dei for livet i eliteserien.

– Det viktigaste for oss er at Mjøndalen hamnar bak oss på tabellen. Så kan eitt scenario vere å prøve å unngå mange mål på oss. Vi skal vere disiplinerte i den defensive biten og må ta sjansane vi får, seier Borgersen.

Molde har overraska stort i Europaligaen og er allereie klar for neste runde. Torsdag slo dei Celtic på bortebane.

Trur på knalltøff kamp

– Molde er i veldig god form for tida. Det blir ekstra artig å møte dei fordi det blir ei skikkeleg utfordring. Vi fortener kvalik om vi vinn, seier Andreas Hollingen.

Midtbanespelaren er på utlån frå nettopp Molde og trur på ein svært tøff kamp.

– Mange av spelarane i Molde er nok gira på å vise seg fram for Ole Gunnar for å spele seg inn på europacuplaget. Så sjølv om laget kanskje ikkje har så mykje å spele for har kvar enkelt spelar mykje å kjempe for, seier Hollingen.

– Det er artig å følgje med Molde i Europa, men søndag kjem eg ikkje til å vere snill med dei. Då er målet å vinne, smiler moldensaren.

Bård Borgersen, Start

Bård Borgersen instruerer Start-spelarane på fredagens trening.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %