Hopp til innhold

– Det er ikkje akkurat Barcelona vi møter

Start-spelarane Jesper Mathisen og Glenn Andersen trur det er mogleg å tukte eit Strømsgodset-lag på gulljakt.

Start-spelarane Jesper Mathisen og Glenn Andersen trur det er mogleg å tukte eit Strømsgodset-lag på gulljakt.

VIDEO: Start-spelarar og trenar Mons Ivar Mjelde har tru på poeng mot Strømsgodset på Marienlyst.

Ola Kamara

Ola Kamara er ein av Godset-spelarane Start må stoppe.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Barcelonas Neymar, Messi and Iniesta

Jesper Mathisen understrekar at Start ikkje møter Iniesta, Neymar og Messi. – Det er fullt mogleg å slå Godset, seier Mathisen.

Foto: ALBERT GEA / Reuters
– Det er ein knalltøff kamp, men vi skal prøve å vere oss sjølve og utfordre dei på deira ega heimebane, seier Start-kaptein Glenn Andersen til NRK.

– Vi går for å vinne kvar kamp vi stiller opp i. Det gjer vi også mot Strømsgodset, seier Andersen.

– Vi vart audmjuka

På Sør Arena i vår var Start-spelarane vitne til eit mareritt. Laget tapte 0-6 på eige kunstgras.

Godset avgjorde faktisk kampen i løpet av dei 18 første minutta då dei scora tre mål.

No vil Start-trenar Mons Ivar Mjelde revansjere nedsablinga.

– Vi vart audmjuka på heimebane. Det er aldri kjekt. Eg håpar vi kan bruke den førre kampen som motivasjon og slå tilbake, seier Mjelde.

Strømsgodset ligg á poeng med Rosenborg på tabellen og kan med siger sikre luke til trøndarane, som tapte mot Molde laurdag kveld.

– Vi veit vi møter eit bra lag. Vi må tore å spele og eige ball sjølv om vi er på bortebane. Så veit vi at vi må vere godt organisert. Det må jobbast hardt og springast mykje. Det er vi budde på, seier Mjelde.

Trur på poeng

Midtstoppar Jesper Mathisen får ikkje spele på Marienlyst på grunn av karantene. Sørlendingen fekk sitt tredje gule kort for sesongen mot Rosenborg sist helg. Men han har trua på at lagkameratane kan sikre poeng i Drammen.

– Godset har alt trøkket på seg og må vinne. Vi har også trøkk på oss. Det er ein utruleg viktig kamp for oss også. Vi treng alle poenga, seier Mathisen.

– Godset er gode heime, men det er ikkje akkurat Barcelona vi skal møte, så det er fullt mogleg å slå dei, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %