Hopp til innhold

Tre truleg omkomne på sjøen: – Det er heilt uverkeleg

Skipperen på redningsskøyta «Ægir» var på seminar med redningsselskapet onsdag. Der diskuterte dei målet om null omkomne på sjøen i framtida. Same kveld som han kom heim starta marerittet.

Thor Hugo Johansen

Skipper på redningsskøyta «Ægir» Tor Hugo Johansen var med på søket etter dei to sakna fiskarane.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

– Det første som skjedde når vi kom heim var at vi vart kalla ut. Det er heilt uverkeleg. Eg kan ikkje beskrive det, seier skipper Tor Hugo Johansen til NRK.

Det var ved 21-tida onsdag kveld at redningsskøyta vart kalla ut etter at ein fiskebåt vart meldt sakna på sjøen mellom Lindesnes og Farsund. Store leitemannskap vart sende ut for å søke etter båten med to erfarne fiskarar i 60-åra.

Vanskelege leiteforhold

Torsdag morgon vart søket trappa opp. Både politi, Røde Kors, redningsskøyte og Sea King-helikopter deltok i søket etter dei sakna mennene. I løpet av dagen vart det funne fleire gjenstandar frå fiskebåten.

Dårleg vêr gjorde leiteforholda vanskelege. Torsdag ettermiddag kom meldinga om at fiskarane truleg er omkomne.

Omtrent på same tid tikka det inn melding frå Lindesnes fyr om at ein ung mann hadde blitt teken av ei bølgje og blitt kasta på sjøen. Det vart sett i gang søk etter mannen utan resultat.

Torsdag kveld slo politiet fast at også 23-åringen truleg er omkommen.

– Slike hendingar gjer at eg får meir lyst til å jobbe for Redningsselskapet og prøve så langt eg kan å hjelpe folk til å forstå at havet er vakkert, men kan vere farleg, seier Johansen.

Leteaksjon ved Lindesnes fyr

To helikopter gjorde søk etter 23-åringen som fall på sjøen ved Lindesnes fyr.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Kjende sjøen utruleg godt

– Dersom vi har det i bakhovudet heile tida, så tek vi kanskje dei naudsynte forholdsreglane som gjer at vi slepp å ha slike ulykker, seier han.

For skipperen på redningsskøyta er det nesten uforståeleg at dei to erfarne fiskarane hamna i ei ulykke.

– Desse to kjende sjøen utruleg godt. Dei har vore på sjøen heile livet. Det er nesten heilt utenkeleg at noko slikt kan skje, seier Johansen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %