Hopp til innhold

Politimann som kastet ut Faizullah: – Det er han som er helten

Han vart utropt som helt etter å ha kalla utkastinga av Faizullah Muradi ei skam. – Eg sa berre det alle tenkte, seier politimann Arvid Adriaenssens.

Afghanske Faizullah Muradi, som har vært kamptolk for norske styrker i hjemlandet, ble i natt hentet av politiet.

Sjå video frå pågripinga av Faizullah Muradi.

– Det er ein vits. Det er ikkje eg som er helten. Det er Faizullah. Det er han som skal ha merksemda, seier Arvid Adriaenssens til NRK.

Det var han og ein kollega som fekk jobben med å hente Muradi frå bustaden hans i Mandal då han vart kasta ut av landet i førre veke.

«Dagens helt»

Pågripinga vart filma av kameraten og leiaren av støttegruppa til Muradi, Morten Ekeland. På filmen høyrer vi klart og tydeleg at Adriaenssens sa at han meinte at utkastinga var ei «skam».

– Filminga var inspirasjon for meg til å gjere det mest mogleg riktig. Det skulle i alle fall ikkje vere noko gale med det eg gjorde. Så er det kanskje usemje kring det då, i og med at eg gav ei meiningsytring, seier han.

Det vakte sterke reaksjonar då Muradi vart henta av politiet og kasta ut av landet, mellom anna frå norske soldatar som har tenestegjort i utlandet.

Dagen etter at den afghanske tolken vart kasta ut, møtte statsminister Erna Solberg i spørjetimen. Der vart ho konfrontert frå opposisjonen om kva startsministaren ville gjere for å få Muradi tilbake til Noreg.

Same ettermiddag beordra ho Justisdepartementet om å gjere ein ny vurdering av saka.

– Hadde sagt det igjen

Adriaenssens sin kommentar skapte overskrifter i alle riksmedia. I sosiale medium fekk han støtte frå mange. «Dagens helt» og «godt sagt» var nokre av kommentarane.

– Eg trur eg hadde sagt det igjen. Eg sa det ikkje med tanke på presse eller noko som helst. Eg visste ikkje kva innstilling han hadde til meg der og då. Det var viktig for meg at han fekk ei oppfatning av at eg gjorde det eg måtte gjere, og at eg meinte det eg sa, seier han.

Har fått reaksjonar

Muradi

Her får Muradi beskjed om at han får komme til Norge medan asylsøknaden hans vert behandla.

Foto: Privat

– Eg har nesten berre fått positive reaksjonar, seier han.

Han har også opplevd at politikollegaer har teke han i handa og takka han.

No gler han seg over at Faizullah Muradi får komme til Norge onsdag, medan asylsøknaden hans vert behandla på nytt.

– Det tykkjer eg er veldig bra. Det er riktig at den vert behandla på ein seriøs måte, seier han til NRK.

– Kan støte på kvarandre

– Eg håpar Muradi får god behandling og eg tykkjer han er ein av dei som absolutt fortener dekning i Norge, seier politimannen.

Adriaenssens har ikkje forsøkt å komme i kontakt med Muradi etter episoden i førre veke.

– Eg kjem nok ikkje til å ta initiativ til det heller. Men Mandal er ein liten by, så du skal ikkje sjå vekk ifrå at vi kjem til å møtest. No er eg berre glad for at det er gått i orden, seier han.

Han vart utropt som helt etter å ha kalla utkastinga av Faizullah Muradi ei skam. – Eg sa berre det alle tenkte, seier politimann Arvid Adriaenssens.

Sjå intervju med politimannen Arvid Adriaenssens.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %