NRK Meny
Normal

Tripić før Molde-retur: – Det blir veldig følsamt for meg

Start-stjerna Zlatko Tripić ser fram til å springe ut på Aker stadion igjen når Start møter Molde på bortebane.

Zlatko Tripic

Zlatko Tripić gler seg til å springe ut på si gamle heimebane i Molde torsdag.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Lyngdølen har gjort stor suksess i gult og svart etter klubbskifte i vinter.

– Det blir fantastisk. Dette er noko eg har tenkt på heilt sidan eg kom til Start. Det blir veldig følsamt for meg. Eg har stor respekt for klubben, spelarane og trenarteamet. Eg gler meg kjempe mykje til å komme tilbake til Aker stadion, seier sørlendingen til ikstart.no.

Måtte ha tillit

Mons Ivar Mjelde

Tripić har blitt ein av Mons Ivar Mjelde sine viktigaste spelarar denne sesongen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tripić sleit med å få tillit hos Ole Gunnar Solskjær i åra han var i klubben. Likevel meiner han at han har mykje å takke romsdalsklubben for.

– Eg har alltid visst kva eg er i stand til og kva ferdigheiter eg har. Det viktigaste for meg var å få vise det på bana, og det gjer eg her i Start. Eg hadde fantastiske år i Molde og det er dei som har trent meg opp. No viser eg det på bana også, seier han.

Fotballspelaren frå Lyngdal har vore Start sin beste spelar så langt denne sesongen. Han meiner tillit er hovudårsaka til superforma.

– Eg fekk ein trenar som ville satse på meg og få ut potensialet. Eg trengde speletid i år. Det var ein stor faktor. Eg måtte ha speletid for å utvikle meg vidare, seier han.

– Her får eg sleppe meg laus. Eg har fått sjølvkjensla tilbake og ting går bra, seier Tripić.

Imponert over Molde

Molde har fått ein god start på årets sesong under Tor Ole Skullerud. Med det ligg klubben på andreplass på tabellen bak serieleiar Strømsgodset. Tripić er ikkje overraska.

– Eg har følgt med alle kampane så å seie. Det er sterkt det dei gjer. Dei har vist at dei er sterke, med mange gode spelarar, og dei er spesielt gode på heimebane, seier han.

– Dei har eit fantastisk publikum. Eg veit at det vert tøft for oss, seier Tripić.

Start ligg på 8. plass på tabellen før bortemøtet med Molde. Laget står med to sigrar, ein uavgjort og to tap på dei fem første kampane.