Hopp til innhold

– Det blir tårer uansett korleis det går

ØIF Arendal sine trufaste supportarar i Svermen gler seg til semifinalen mot Elverum.

Kari Sunde, Svermen - ØIF Arendal

Kari Sunde (t.v.) er klar for å heie fram ØIF Arendal i semifinalen mot Elverum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg er kjempenervøs. Eg tok fri frå jobben i dag og har eigentleg gått rundt for å få tida til å gå fort, seier Kari Sunde i supportarklubben.

Arendalittane kan sikre sin første cupfinale i historia dersom dei slår Elverum på heimebane onsdag kveld. ØIF slo semifinalemotstandaren i serien tidlegare i haust.

Har vunne 10 av 11 kampar

– Vi har ein god sjanse til å slå dei. Vi har gjort det før og kan gjere det på nytt. Vi skal iallefall støtte laget så godt vi kan. Det blir nok tårer uansett korleis det går, smiler Sunde.

Eliteserieklubben frå Arendal har overraska og imponert dei aller fleste så langt denne sesongen. Klubben har vunne 10 av 11 obligatoriske kampar. Tapet kom i første serierunde borte mot Bodø.

Sigersrekka gjer at ØIF Arendal toppar eliteserietabellen for første gang. I tillegg er dei altså i semifinalen i cupen.

– Det blir heilt vilt om vi klarer dette. Det kjem til å bli ville jubelscener på tribunane, seier supportaren.

Semifinalen mellom ØIF Arendal og Elverum i Sør Amfi er i gang.

Kampen er utselt

Onsdagens semifinale er heilt utselt. Det betyr over 2500 tilskodarar inne i hallen.

– I tillegg har vi sett opp ein storskjerm i auditoriet på skulen like ved hallen. Der sender vi inn alle som ikkje får plass inne i hallen, seier sportsleg leiar i ØIF, Per Carsten Michelsen.

Det blir også mange tilreisande supportarar frå Elverum. Ein sponsor har betalt 15 000 kroner for at flest mogleg skulle få sjansen til å støtte opp om laget sitt.

– Vi har god kontroll. No gler vi oss veldig til at kampen skal komme i gang, seier Michelsen.

Elverum har spelt cupfinale fem gonger. To gonger har dei gått til topps.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %