NRK Meny
Normal

– Det blir «sjampis» og spetakkel

Grimstad bit negler før den avgjerande kvalifiseringskampen mot Stabæk. Supporterane har stor tru på at Grimstad og Aust-Agder får sitt første eliteserielag i fotball nokosinne.

Odd Vassbø

Sjå reportasje.

– Stabæk skal få slite søndag. Eg trur Jerv klarer det. Så blir Arendal og Start i 1. divisjon, og Jerv i eliteserien. Det blir heilt fantastisk, ler Alf Georg Pedersen.

Jerv har eit godt utgangspunkt før returmøtet på Nadderud stadion. Sørlendingane vann første kamp 1–0 heime på Levermyr. Stabæk må altså score på heimebane.

– Det klarer dei fint. Vi kjem til å score eit mål, og då må dei andre ha tre, seier Odd Vassbø.

Sentrum i gult og blått

Jerv-flagg i sentrum

Eit Jerv-flagg vaiar på ein av butikkveggane i sentrum.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I Grimstad sentrum er butikkvindauga fulle av skjerf, flagg og Jerv-drakter. Byen er farga gul og blå.

– Det er enormt. Alle snakkar om fotballklubben Jerv. Eg kan berre seie at det er heilt utruleg for tida, seier Vassbø.

– Det blir flagg og fullt spetakkel. Så spretter vi kanskje ein «sjampis», ler Pedersen på spørsmål om korleis eit eventuelt opprykk skal feirast.

Evy Dorthea Kaarvang jobbar i ein av butikkane som har pynta med Jerv-effektar. Ho trur Jerv rykker opp og trur på ein skikkeleg opprykksfest.

– Den trur eg blir stor. Eg trur alle gler seg. Førre kamp var heile byen med og heia dei fram. Det blir nok slik til søndag også, seier ho.

Jerv-effekter i butikkvindauge

Slik ser eitt av butikkvindauga i Grimstad ut før opprykkskampen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tapte mot Start

Det er andre år på rad at Jerv spelar kvalifisering til eliteserien. I fjor var rivalen Start for sterke. Start er for lengst ute av det gode selskap, og skal spele i 1. divisjon neste år.

I Grimstad lever opprykksdraumen framleis.

– Tenk neste år om dei rykker opp og dei store laga kjem på besøk. Då får vi masse tilreisande. Dette vil sette Grimstad på kartet, seier Pedersen som neste år kan få Rosenborg, Brann og Vålerenga på besøk, i staden for Ranheim, Åsane og KFUM Oslo.

– Eg trur dei kan slite litt sportsleg neste år. Men sjå til dømes Sogndal, som er ein mindre plass. Dei har klart det. Så det er berre å stå på. Dei har så glød i heile laget, seier han.

Alf Georg Pedersen

Alf Georg Pedersen trur Jerv rykker opp til eliteserien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Veldig gøy

Engasjementet blir lagt merke til av spelarane i klubben.

– Det er veldig gøy. Vi er snart ikkje berre ein sykkelby, men ein fotball- og sykkelby. Vi merkar det berre vi skal på butikken eller ta ein tur til byen, så kjem folk bort og seier lykke til og at det er høy å følgje oss. Vi set pris på det, seier Jerv-spelar Andreas Hagen.

Søndag rundt klokka 19.50 får vi svaret på om Aust-Agder får sitt første eliteserielag i fotball nokosinne, dersom det ikkje vert ekstraomgangar.

Andreas Hagen, FK Jerv

Andreas Hagen i aksjon mot Stabæk på Levermyr stadion onsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK