Hopp til innhold

– Den viktigaste kampen i karrieren

Kristoffer Ajer er berre i startgropa i fotballkarrieren si. Når Start skal kjempe for ny eliteseriekontrakt mot Mjøndalen fredag kan 17-åringen bli redningsmannen.

Kristoffer Ajer

Kristoffer Ajer gler seg til møtet med Mjøndalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er kanskje den viktigaste kampen eg har spelt nokosinne. Det er veldig viktig at vi tek det fullstendig på alvor og det er eg veldig sikker på at vi kjem til å gjere, seier Ajer til NRK.

Kristoffer Ajer, Start

Kristoffer Ajer på torsdagens trening på Sør Arena.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Trass i sin unge alder har Ajer allereie blitt ein av Start sine viktigaste spelarar.

Han er lagets toppscorar med åtte eliteseriemål og har til og med bore kapteinsbindet denne sesongen. Men den unge toppscoraren hevdar at han ikkje føler ekstra press.

– Vi må ta tre poeng

– Eg føler at alle dei elleve som er på bana har akkurat like mykje press. Men det er klart, vi spelar jo for heile Sørlandet, om må ta tre poeng. Det skal vi gjere, seier Ajer.

Sidan 1987 har Start måtte tole seks nedrykk. Med tap mot Mjøndalen på heimebane vil sørlendingane vere farleg nær sitt sjuande nedrykk på 28 år.

Med 12 strake kampar utan siger er det mange som fryktar nettopp det. Men keeperveteran Håkon Opdal let seg ikkje stresse.

– Det er gøy å spele viktige kampar. Det er det vi trenar for. Det er herleg å spele ein kamp som betyr mykje. Eg kan nesten ikkje vente, seier Opdal.

Start-trening

Start-spelarane på siste trening før kampen mot Mjøndalen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ba om hjelp – fekk enorm respons

Administrerande direktør Even Øgrey Brandsdal har jobba knallhardt for å fylle tribunane til oppgjeret mot Mjøndalen.

Ei melding han la ut på Facebook-gruppa si der han bad om hjelp fekk enorm respons.

Ei rekkje lag og bedrifter gir gratisbillettar til sine spelarar og tilsette for å støtte Start i kampen for å sikre ny eliteseriekontrakt.

– Det varmar for oss som jobbar med dette å sjå at Sørlandet mobiliserer når det verkeleg gjeld, seier Brandsdal.

– Vil klubben tole eit nedrykk?

– Vi har fokus på å halde oss i eliteserien og brukar ikkje energi på eit eventuelt nedrykk. Men det er klart at det er mykje lettare å byggje klubb viss du held deg. Men skulle det gå den vegen må vi justere undervegs. Start er 110 år og skal bli mange år til. Det er ikkje noko fare for det, seier Brandsdal.

Sjå intervju med Bård Borgersen, Mads Stokkelien og Even Øgrey Brandsdal før skjebnekampen mot Mjøndalen.

VIDEO: Sjå intervju med Bård Borgersen, Mads Stokkelien og Even Øgrey Brandsdal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %